Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2009

Visste du at:

Bilde
På biblioteket har vi også musikk til utlån i mange sjangrar. Vi har eit godt utval i pop, rock, visesong, folkemusikk, jazz, og klassisk musikk. Du kan mellom anna låne cd-en til Aasmund Nordstoga, som er bror til Odd. Han har ei varm og fin stemme, og "Eit visefugg" er ein cd med høgstemte og burleske historier med sprelske og vakre arrangement. Her er folketonar, gammaldans og viser. Høgdepunkt er: "Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør" og "Du sier du vil". Sjekk om cd-en er inne : )
Bilde
Utstilling på biblioteket - Hamsun på fleire språk I år er det 150 år sidan forfattaren Knut Hamsun vart født. Personen Hamsun blir av mange fortsatt oppfatta som kontroversiell, men forfattaren Hamsun sin storheit er det få som nektar for. I 1920 fekk Hamsun Nobelpris i litteratur for romanen Markens grøde, og sidan den gong har han hatt ein sentral posisjon i verdslitteraturen. Dette kan vi sjå ved at bøkene hans er oversett til fleire språk. Mange av desse kan lånast frå Det flersprålige bibliotek som lånar ut bøker og anna materiale på mange språk. Denne utstillinga viser eit utval oversette Hamsun-bøker.

Tonje Glimmerdal

Bilde
av Maria Parr - Brageprisvinnar 2009 I boka om Tonje får vi mellom anna halsbrekkande testløp på kjelke, tamme måker på sykkeltur, samanstøt med kaffekjelar og grotter fylt med felespel. Ei herleg høgtlesingsbok som er både morosam, hjartevarm og spennande. Handlinga går føre seg i Glimmerdalen. Vi møtar Tonje, som snart er 10 år og er den einaste ungen som bur her. Bestevenen hennar Gunnvald er derfor "litt" eldre enn Tonje, han er 74 år og er en bisk sauebonde og felespelar. Men ein dag havnar Gunvald på sjukehus med broten lårhals. Tonje får nyss om at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har delt med bestevenninna si. Tonje får mykje å rydde opp i. Dette er ei bok alle vaksne bør unne seg å lese høgt om dei har nokon å lese høgt for. Høgtlesingsbok frå ca 6 år, lese sjølv frå ca 9-12 år. Kos deg! Maria Parrs debutbok, Vaffelhjarte, var ein suksess og er ute på sju språk. Sigrun Sjekk om boka er inne : )

Kunstutstilling av kulturskulen

Bilde
Her ser du 3 av dei fine portretta som elevar ved kulturskulen har laga. Dei er laga med ein teknikk som heiter Decoupage. Serviettar er klipt i små bitar, deretter sett saman og lakka til fine portrett. Mykje arbeid er lagt ned i desse fine bileta. Vil du sjå resten av utstillinga må du ta deg ein tur innom. I desember serverer vi og kaffe og peparkaker. Velkomen innom! Lagt inn av: Sigrun

Atle Hansen på forfattarbesøk i Skjåk

Bilde
Denne veka har Atle Hansen vore på barneskulane i Skjåk for å fortelja om den nye boka si "Den svarte oksen". Boka handlar om Gisle, som er ein gut på ca 12 år. Det er sankthans. Gisle har drege åleine på telttur utan at nokon veit om det. Det viser seg å vere skumlare enn han hadde trudd. Plutseleg står det ein svart okse der, og Gisle har ein følelse av at det er nokon som tuslar rundt teltet når det blir mørkt. Han meiner å høyre at nokon kviskrar namnet hans, endå han er åleine, eller...? Han blir tørr i munnen, han kjenner hjartet slår, han vågar ikkje gå ut, kven kan det vere som er utanfor? Han trur det spøkjer i dei gamle hustuftene, eller er det berre noko han trur fordi han er fælen. Dette er ei lita men intenst spennande bok. Boka har nynorsk tekst. Den er lettlesen og passar for både gutar og jenter frå 4. klasse til 7. klasse. (Som likar skumle bøker). På biblioteket finn du eit skjema med nokre få, enkle spørsmål frå boka. Svar på spørsmåla, send inn skjemaet,
Bilde
Til alle store og små born! Tunkatten Lurivar opnar julekalenderen sin i dag! Alle store og små born er velkomne. Lurivar har eigen nettstad med tips om gode bøker, forteljingar om seg sjølv, ei eiga songbok, diktverkstad, puslespel, kryssord og mykje anna. Beste helsing tunkatten Lurivar og NYNORSK KULTURSENTRUM Sjå her : ) Lagt inn av: Sigrun