Atle Hansen på forfattarbesøk i Skjåk




Denne veka har Atle Hansen vore på barneskulane i Skjåk for å fortelja om den nye boka si "Den svarte oksen".

Boka handlar om Gisle, som er ein gut på ca 12 år. Det er sankthans. Gisle har drege åleine på telttur utan at nokon veit om det. Det viser seg å vere skumlare enn han hadde trudd. Plutseleg står det ein svart okse der, og Gisle har ein følelse av at det er nokon som tuslar rundt teltet når det blir mørkt. Han meiner å høyre at nokon kviskrar namnet hans, endå han er åleine, eller...? Han blir tørr i munnen, han kjenner hjartet slår, han vågar ikkje gå ut, kven kan det vere som er utanfor? Han trur det spøkjer i dei gamle hustuftene, eller er det berre noko han trur fordi han er fælen. Dette er ei lita men intenst spennande bok. Boka har nynorsk tekst. Den er lettlesen og passar for både gutar og jenter frå 4. klasse til 7. klasse. (Som likar skumle bøker).

På biblioteket finn du eit skjema med nokre få, enkle spørsmål frå boka. Svar på spørsmåla, send inn skjemaet, og du er du med i trekninga av ein flott bokpremie.

Sjekk om boka er inne her : )
Les mer om Atle Hansen
her : )

Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede