Innlegg

Viser innlegg fra november, 2015

Konsert med Svein Bjotveit

Bilde
"Denne dagen komme aldri mer igjen" Velkomen til  konsert på Skjåk folkebibliotek torsdag 26. november kl 19. Gratis inngang - enkel servering. Velkomen!

Filmbib - sjå film heilt gratis

Bilde
Filmbib er ei heilt ny norsk strømmeteneste som let deg sjå norsk kort- og dokumentarfilm heilt gratis. Du må berre ha eit lånekort som er tilknytta eit norsk bibliotek. Kva er Filmbib?  Filmbib er distribusjonsportalen for Innkjøpsordningen for kort- og dokumentarfilm. Ordninga blir administrert av Norsk filminstitutt på oppdrag frå Kulturdepartementet og er oppretta for å gje eit norske publikum tilgang til norsk kort- og dokumentarfilm via biblioteket.  Eit uavhengig utval vurderer kva for filmar som inngår i ordningane. Utvalet er basert på nominasjon frå Norsk filmforbund, Norske film-, TV- og spillprodusenters forening, Norske Dramatikeres Forbund og Norske Filmregissører.  Korleis verker Filmbib?  Gratis tilgang til Filmbib får du via norske folkebibliotek og Nasjonalt Lånekort. Du loggar på tenesta med ditt lånekortnummer og PIN-kode. Sjå filmar på pc, mobiltelefon eller nettbrett. Kva for filmar finn du i Filmbib?  I Filmbib kan du sjå kort- og dokumentarfilmar

Eit lite glimt frå biblioteket

Bilde
Lesesirkel Koselig med ein søt, liten lånar som set i sving lesesirkel :) Foto: Nina Kvalheim Kveum