Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2017

Ynskjer du meir utdanning?

Bilde
Da kan du ta deg ein tur til Skjåk folkebibliotek torsdag 16. mars frå kl 17 - 19,  Karrieresenteret vil vere på plass for å gje deg informasjon om kva for moglegheiter du har på utdanning og arbeid. Karrieresentra har tradisjon for å reise ut til alle biblioteka i regionen for å orientere våre vaksne innbyggjarar om moglegheiter innanfor utdanning og arbeid. Velkomen! Karriere Oppland http://www.karriereoppland.no/

Bokleik 2017

Bilde
Vi har invitert ungane som går siste året i barnehagen til Bokleik - her skal dei få møte årets Bokleikforfattar Svein Nyhus. Han er ein av Norges aller fremste illustratørar og barnebokforfattarar. Positive litteraturopplevingar for barn BokLeik er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle dei 26 folkebiblioteka i Oppland. Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle som skal byrje på skulen i Oppland. Ungane får oppdage boka gjennom å lytte, teikne, dikte, fortelje og skape. Prosjektet BokLeik ynskjer å vise at det er mange vegar inn i boka, og at barna skal kunne delta på eigne premissar. BokLeik er eit årleg bokprosjekt, der det blir engasjert ein barnebokforfattar eller illustratør som skal på turné til alle folkebiblioteka i Oppland. Vi gler oss til 21. mars kl 9.30.