Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2011

Verdas poesidag

Bilde
Verdas poesidag vart lansert av UNESCO i 1999 og har sidan blitt feira 21. mars kvart år. Formålet med dagen er å promotere lesing, skriving, publisering og undervisning i poesi over heile verda. I Skjåk har vi fleire lokale forfattarar som har skrive mykje fin poesi. Aslaug Høydal, Jan-Magnus Bruheim, Tore Ørjasæter og Olav Øygard er nokre av dei. Vi kjem til å skrive meir om dei seinare. Noko som er karakteristisk for lyrikaren Tore Ørjasæter er at han ofte grip til konkrete bilete frå naturen for å uttrykkje menneskelege behov eller tilstandar. Han gjer det for å illustrere, for å få fram det poetiske mangtydige. I boka Elvesong er dropen hovudpersonen, den enkle og klare symbolikken held fast gjennom boka. Dropen blir drive fram av lengsel etter sol og ein dragnad etter å fara. Ein vassdrope på veg mot havet vert eit bilete på eit menneske i leitande, religiøs uro, eller eit bilete av menneska på veg gjennom livet. Opningsdiktet i boka er Dropen. Dropen Telen græt dogg i soli

TV-spel i biblioteket

Bilde
Bowling i biblioteket Spel er kultur No kan du spele TV-spel i biblioteket. Vi har i fyrste omgang kjøpt inn ein Nintendo Wii med  Super Mario Galaxy 2, Harry Potter, Wii Sports og Wii Sports resort. Det er òg akuelt å kjøpe inn andre typar konsollar. Med St. meld. nr 14 (2007-2008) "Dataspill" fekk dette mediet si eiga stortingsmelding kor det vart slått fast at dataspel er kultur, og skal behandlast på lik linje med andre kulturuttrykk, som f. eks litteratur, film og musikk. Biblioteka er både ein møtestad og ein kunnskapsplass – det flotte er at dei framleis er det for alle. Dei som leser skjønnlitterære bøker, dei som helst vil lese leksikon, dei som leser lydbøker, dei som leser filmar og dei som leser på skjermen.     Pil og boge    Fulltreffer?  Bilblioteka har alltid vore flinke til å omstille seg, og til å omfavne nye medier. Tenk berre på internett, og motstanden mot dette i byringa. I dag er det utenkeleg med eit

Tore Ørjasæter

Bilde
8. mars er det 125 år sidan Tore Ørjasæter var fødd Godt sagt i boka "Anne på Torp" side 131: Ein skal ikkje lyfte seg over kvardagen men ein skal lyfte kvardagen om ein kan                                                                      Tore Ørjasæter Tore Ørjasæter er ein av dei store gudbrandsdalsdiktarane. Han er fyrst og fremst hugsa som lyrikar, og han var ein av dei fyrste bondediktarane som levde av skrivinga. Ørjasæter vart fødd i Skjåk, der han voks opp på garden Slette i fjellgrenda Bråtå. Far hans var frå Geiranger og var både lærar og gardbrukar. Familien stod difor i ei særstilling på fleire måtar, med fotfeste i fleire sosiale lag og i både austlands- og vestlandskulturen. Denne spenninga viser att i mykje av diktinga til Ørjasæter. Han såg føre seg ei framtid i jordbruket og tok ivrig del i arbeidet på garden. Men som ung fekk han magesår og laut opererast på Rikshospitalet, og sjukdomen sleppte ikkje taket før mange år seinare. Med redusert