Innlegg

Viser innlegg fra september, 2018

André Bjerke 100 år

Bilde
Kåseri og dikt I 2018 er det 100 år sidan den kjende norske forfattaren, diktaren og sjakkspelaren André Bjerke vart fødd. Bjerke var aktiv på mange arenaer i norsk offentlegheit. Torsdag hadde vi besøk av Odd Georg Murud som heldt eit interessant og humoristisk kåseri. Vi fekk høyre om  lyrikaren og kriminalforfattaren André Bjerke. Han var ein habil gjendiktar og ein skarp samfunnsdebattant som bidrog i store kulturdebattar, og innan sjakken var Bjerke ein meister. Odd Georg Murud

Kransen og kronen

Bilde
Meisterleg framføring om Maria, Kristin, Victoria og Petra Torsdag kveld hadde vi teaterframsyning med Tema Teater på biblioteket.  Forestillinga er spesialskrive med tekster frå Undset, Bjørnson, Hamsun og med musikk av Johan Sebastian Bach. Den er eit samarbeid mellom Oppland fylkesbibliotek og Tema Teater. Det har fått støtte frå Fritt Ord, Oppland fylkesbibliotek, Kunstnerforeningen og Nasjonalbiblioteket.  Tekstene er henta frå forteljingane om  Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset,  Victoria av Knut Hamsun , Maria Stuart og Fiskerjenten av Bjønstjerne Bjørnson. Vi fekk møte kvinneskikkelsar som er prega av glede, fortviling, håp og kjærleik. Dei heile var meisterleg framført av skodesplar Gro Uthaug og vakkert akkompagnert av fiolinist Marieke Bettman. Skodespelar Gro Ann Uthaug som Fiskerjenten Marie Bettman og Gro Ann Uthaug Gro Ann Uthaug og Marieke Bettman Gro Ann Uthaug Marieke Bettman akkompagnerte vakkert på fiolin