Innlegg

93 ungar er med på Sommarles i Skjåk

Bilde
Vi har plass til fleire:) Gjer som Lina, Eilev, Andreas og Henrik - bli med du også! Kampanjen varer heilt til 31. august. Sommarles.no Den nasjonale og digitale lesekampanjen  Sommarles.no  er altså i full gang. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 120 000 ungar. Målet med kampanjen er å motivere ungan e til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Undervegs er det mange fine premiar å hente. I september blir det heile avslutta med show og fest. Boktips frå Andreas og Henrik Andreas likar boka "Verdens verste barn" medan storebror Henrik anbefaler serien "Kattekrigerne". Boktips frå Lina og Eilev Lina likar bøker om dyr og Eilev har lånt boka "Den store prompekonkurransen".

Sommaropning 2022

Bilde
Sommaropning frå 20. juni 2022 - Tysdag kl 14-19 - Onsdag kl 10-14 - Torsdag kl 10 -14

Duc Mai-The og "Skinnvotten"

Bilde
  I dag har vi hatt besøk av 1. og 2. klassingane + nokre frå barnehagen. Dei fekk oppleve skodespelaran Duc Mai-The som fortalde og dramatiserte det ukrainske eventyret «Skinnvotten». Det var god stemning, berre høyr på filmklippet😂 Puh….den som var like flink til å fortelje og dramatisere som Duc Mai-The…

Offisiell opning i Skjåk

Bilde
Torsdag 17. mars var det offisiell og stasleg opning av "Meirope bibliotek" og "Frøbibliotek" i Skjåk. Abid Raja "var med" via ei fin videohelsing til Skjåk folkebibliotek. Boka hans "Min skyld", er den mest populære boka i Skjåk for tida. Boka anbefalast! Ordførar Edel Kveen "opna" dei nye tilboda ved biblioteket med snorklipping og gode ord. Kommunedirektør Ivar Bø og fylkesbiblioteksjef Tone Nyseter heldt tale, Endre Skjåk las dikt av Jan-Magnus Bruheim, ungar frå Bismo Barnehage bidrog med song, Stein Grjotheim og Sigrun Eide orienterte om tilboda ved biblioteket og ei videohelsing frå Abid Raja vart sendt på storskjerm. Det vart ei staseleg og fin opning med gjester, flagg, god stemning, jubileumskake og påsmurte skiver med Gudbrandsdalsost og Skjåkpysje.

Frøbibliotek

Bilde
I mars opnar vi Frøbiblioteket Frøbiblioteket er eit tilbod til alle hobbygartnarar. Her kan du låne frø om våren, når hausten "endeleg" kjem kan du sanke frø frå plantene du har dyrka. Om du vil, kan du levere frø attende til biblioteket slik at andre kan låne dei året etter. Prinsippet er Lån-Dyrk-Sank-Levér. Målet med Frøbiblioteket er at store og små i Skjåk skal få auka kunnskap og glede av å sjå noko spire og gro. Og kven veit? Kanskje blir det noko godt å ete av det også. Vi gjev deg ei påminning når perioden for innhausting startar – her får du tips om korleis du skal gå fram. Fleire spennande aktivitetar og arrangement rundt Frøbiblioteket er under planlegging. Samlinga med frø blir oppdatert og utvida undervegs. Har du frø? Har du frø du vil dele med oss, blir vi hoppande glade. Levér frøa i skranken, og vi pakkar dei i fine frøposar. Kanskje har du kunnskap om emnet som vi kan nytte oss av? Vi tek gjerne imot gode tips frå deg. Vi veit at det er mange flinke hobb

Meirope bibliotek i Skjåk

Bilde
Vi utvidar tilbodet vårt med meirope bibliotek frå 17. mars 2022. Meirope gjer det enklare å bruke biblioteket når det passar deg, du vil nemleg få tilgang til biblioteket kvar dag frå kl. 07.00-22.00. At biblioteket er meirope vil seie at du kan bruke biblioteket også utanom bemanna opningstid. Lånekortet ditt vil fungere som nøkkelkort og du må bruke lånekortet for å låne. Du kan nytte møterom, lese aviser, låne bøker og filmar samt bruke pc. Alle lån og innleveringar gjer du på ein automat. Vi tilbyr også gratis kaffi frå kaffimaskina vår. Korleis få tilgang? For å få tilgang til meirope bibliotek må du ta kontakt med bibliotekpersonalet for rettleiing og informasjon. Du må også skrive under på ein kontrakt med biblioteket og få oppgradert lånekortet ditt til tilgangskort. Tilbodet er gratis og gjeld for alle over 15 år. Personar mellom 15 – 18 år må ha underskrift frå ein føresett. Du kan ikkje sleppe inn andre enn deg sjølv, med unntak av eigne barn. Vi kjem sjølvsagt til å fortse