Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2016

Tor Jonsson i ord og tonar

Bilde
Ein stemningsfull konsert  Tor Jonsson 100 år I år er det 100 år sidan diktaren Tor Jonsson frå Lom vart født og vi er med og feirer jubilanten. I 2007 gav Camilla Granlien ut det kritikarroste albumet "Jarnnetter" saman med bandet sitt. Her har ho tonesett dikt av Tor Jonsson og Olav Aukrust. Med utgangspunkt i denne plata har ho laga ein stemningsfull konsert der musikk, dikt og forteljing om Tor Jonssons liv blir fletta saman. Annar By er med på gitar og song. Han har gjesta Skjåk tidlegare og makan til gitarist skal du leite lengje etter. Albumet  "Jarnnetter" fekk terningkast 6 i VG - Her er felelooper og drivende gode komp. Midt opp i det hele Granliens varme og overbevisende sang i en utgivelse uten dødpunkter. «Kjæringje sat» og «Død Spelemann» har nærmest hypnotisk kraft.            Carl Petter Opsahl i VG Velkomen til Skjåk folkebibliotek på konsert med  Camilla Granlien og Annar By Tysdag 8. november kl 19 Inngang kr 100,-

Amal Aden kjem til Skjåk

Bilde
"Det nye Norge" - eit spennande foredrag Amal Aden er ein modig og engasjert foredragshaldar. I 2013 fekk ho Amnesty-prisen for sitt uredde engasjement for å fremje rettigheitene til utsette grupper og spesielt for si synleggjering av homofile. No kjem ho endeleg til Skjåk. I foredraget “Det nye Norge” fortel ho korleis ho meiner vi må gå fram for å bli eit fleirkulturelt land på ein vellykka måte. Amal Aden har tidlegare gjeve ut fleire debattbøker. Ho er spaltist i Dag og tid og er ein mykje brukt foredragshaldar. - Innvandrarar må bli fullverdige borgarar i sitt nye land, seier Amal Aden. Ei tøff dame med eit sterkt samfunnsengasjement Amal Aden er fødd i Somalia i 1983. I 1996 kom ho til Norge etter å ha vore gatebarn i Somalia i fleire år. Starten i Norge vart også tøff – møte med ein annan kultur, barnevern og andre offentlege instansar som ikkje klarte å hjelpe ho. Ho havna i rusmiljøet på Grønland og levde i periodar på gata i Oslo. Ein ukueleg livsvilj

Forfattarbesøk av Anders Totland

Bilde
Vi har invitert 10. klassingane i Skjåk Anders Totland kjem til Skjåk folkebibliotek for å lese frå den nye boka si for 10. klassingane våre. Anders har laga ei framsyning der han kombinerer høgtlesing med pianospeling. Han har sjølv laga musikk til boka. Den allsidige forfattaren har tidlegare gjeve ut barneboka "Vampyrane i Eplehagen". Han er utdanna kokk og samfunnsvitar, men jobbar til dagleg som journalist i avisa Sunnhordland. Årets vakraste ungdomsbok? Boka "Engel i snøen" av Anders Totland har fått terningkast 5 i både Dagbladet og Bergens Tidende. Ein meldar skreiv at boka var det finaste han hadde lese om livet og døden, medan ein annan foreslo at dette kunne vere årets vakraste ungdomsbok på norsk. Les utdrag frå boka Eit utdrag frå boka er også med i årets tXt-aksjon Panser , som er distribuert til meir enn 120.000 elevar i ungdomsskulen. " Engel i snøen er ei sår, usentimental og lettlesen forteljing om svært unge i ei sjuke