Tor Jonsson i ord og tonar

Ein stemningsfull konsert 


Tor Jonsson 100 år

I år er det 100 år sidan diktaren Tor Jonsson frå Lom vart født og vi er med og feirer jubilanten.

I 2007 gav Camilla Granlien ut det kritikarroste albumet "Jarnnetter" saman med bandet sitt. Her har ho tonesett dikt av Tor Jonsson og Olav Aukrust. Med utgangspunkt i denne plata har ho laga ein stemningsfull konsert der musikk, dikt og forteljing om Tor Jonssons liv blir fletta saman.

Annar By er med på gitar og song. Han har gjesta Skjåk tidlegare og makan til gitarist skal du leite lengje etter.

Albumet  "Jarnnetter" fekk terningkast 6 i VG

- Her er felelooper og drivende gode komp. Midt opp i det hele Granliens varme og overbevisende sang i en utgivelse uten dødpunkter. «Kjæringje sat» og «Død Spelemann» har nærmest hypnotisk kraft.
           Carl Petter Opsahl i VG


Velkomen til Skjåk folkebibliotek på konsert med Camilla Granlien og Annar By
Tysdag 8. november kl 19
Inngang kr 100,-
Arr: Skjåk folkebibliotek og Den kulturelle spaserstokken


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede