Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2011

Ståk i Skjåk

Bilde
Laurdag 28. mai er det Ståk i Skjåk - som har vorte eit populært og årleg arrangement. I dei mange bodane i sentrum finn vi varer og produkt for sal eller framsyning. Elles er det m.a. tråtraktor og dokkevognparade, motbakkeløpet Flækkøyhøe Upp , loppemarknad, Flåklypa Grand Prix har kaffestopp i Bismo, kuturskulen har forestilling i Skjåkhallen og på kvelden er det fest i Mogard. Sjå heile programmet for Ståk i Skjåk her. Boksal og boksignering I år skal det vere boksignering av den spennande krimboka Evig skal døden vera. Boka er som kjent skrive av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden. Dagblade t skreiv i si bokmelding at dette er VÅRENS BESTE KRIM . På biblioteket kan vi óg freiste med fleire utstillingar. Vi har både ei knivutstilling av elevar frå ungdomsskulen og ei kunstustilling av elevar frå kulturskulen. Velkomen innom!

Godt samarbeid - Dovre, Lesja, Sel, Vågå, Lom, Skjåk og Oppland fylkesbibliotek

Bilde
Ord om fjell - ei digital fjellvandring Vi (dei 6 norddalsbiblioteka samt Oppland fylkesbibliotek) er veldig tilfredse med lanseringa av "Ord om fjell - ei digital fjellvandring. Vi hadde to arrangement - eit på Dovre og eit i Lom. Dyktige aktørar var med og kasta glans over opninga - Jon Eikemo, Bjørn Sigurd Glorviken, Even Luseter og Pål Svindland underheldt med både musikk og diktopplesing. Her kan du sjå film og bilete frå opninga :