90 personar var med på festen på biblioteket
Avslutningsfest for Sommarles i Skjåk No har vi hatt avslutningsfest for Sommarles 2019. Den heldige vinnaren av hovudpremien vart Kebron Tesfu Mebrathtu i 7. klasse. Han vann iPaden som er sponsa av SpareBank1 Lom og Skjåk, Skjåk Energi og Eidsiva Energi. Fleire vann kvar si bok. Etter sirkus-showet med "Plutselig Sirkus", fekk ungane prøve seg på sirkusartisteri. Det smakte godt med pizza og saft til slutt. Glade vinnarar Foran frå venstre: Vetle Morken Gartland, Frøya Staurust Eiesar, Sverre Spronk, Julia Margrethe Brandsar. Bak frå venstre: Biblioteksjef Hanne Gran, Morten Sirkusartist, iPadvinnar Kebron Tesfu Mebrahtu, Anna Sirkusartist, Feven Debesay Zemuy, Tommy Andersbakken, Ella Soglo, Aurora Skjaak Plassen og Hedda Stensgård Hånsnar. Sirukus-showet med Morten og Anna var populært Marit Knutsødegård Stenersen var sporty og lot seg hypnotisere Gratulerer til elevane, lærarane og føresette i Skjåk : Dykk var klart best av alle kommuna