Tysdag 21. april kl 19 kjem Audun Randen Johnson frå Naturvernforbundet Friends of the Earth Norway til Skjåk folkebibliotek. Han skal halde foredraget "Klimakrise?". Audun Randen Johnson - jobbar som energi- og klimarådgjevar i Norges Naturvernforbund, med ansvarsområda: Norsk energi- og klimapolitikk, prosjektet Klimaambassadører, energieffektivisering og olje. Johnson har ein mastergrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo, kor han også har vore tilsett i fleire stillingar. Tidlegare har han vore informasjonssekretær og sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Audun har i tillegg erfaring frå andre organisasjonar, m.a. Operasjon Dagsverk.