Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2016

Tur-appen Outtt

Bilde
Gode opplevingar på nettside og i mobilapp Vi vil gjerne tipse om ein ny super app for friluftsopplevingar i Skjåk og elles i Norge. Du må sjekke ut tur-appen Outtt! Appen gjev lokalkunnskap om fine turmål og opplevingar i Skjåk. Den blir stadig oppdatert med tips til toppturar, sykkelturar, kanoturar, fisketurar, skiturar, kulturminneturar og overnatting. Tolv turar er til no registrert, det kjem stadig nye. T.d. skal alle turane frå brosjyren og nettstaden iSkjåk.no vere med. Appen viser turar frå fleire stader i Norge, men vil automatisk vise fram turane som ligg geografisk nærast deg (så lengje gps-en i mobilen ikkje er slått av). Appen er gratis og kan lastast ned til iPhone i AppStore og til andre smarttelefonar i Google Play. Kvifor Outtt med 3 t-ar? Mobilappen blir også lansert internasjonalt. Dei tre t-ane står for: plan your T rip, find the T rail og T rack yourself. (På godt norsk betyr det: planlegg turen, finn stigen, og spor deg sjølv). God tur! (.

Boktips

Bilde
Perlen som sprengte skjellet av Nadia Hashimi År 2007 Forteljinga byrjar i Kabul. Vi møter ni år gamle Rahima og dei fire systrene hennar. Faren er traumatisert av krig og avhengig av opium. Mora blir sett ned på fordi ho ikkje har levd opp til forventningane om å føde ein son. Faren blir meir og meir aggressiv, han nektar til slutt døtrene å gå ut av huset. Den einaste jentene har kontakt med utanfor huset, er tanta Shaima.  Det er ho som fortel Rahima om tippoldemora Shekiba - ho som trossa skjebnen ved å bli ein bacha posh , etter ein gamal afgahnsk tradisjon. Som bacha posh kan jenter (i familiar utan sonar) kle seg og bli behandla som gutar. Som gutar kan dei gå på skule, handle på markedet og få seg ein ekstrajobb for å spe på familiens inntekter. Dette er ein fridom jenter vanlegvis berre kan draume om. Som niåring blir Rehima bacha posh . Som 13-åring blir ho gifta bort til ein eldre mann... Eit hundreår tidlegare Shekiba har eit stort arr i ansiktet etter ei ulykke