Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2010

"Skjåk på Maihaugen"

Bilde
Øygard skule på Maihaugen . Kåre Hosar fortel om kva som har kome frå Skjåk til Maihaugen på Skjåk folkebibliotek Sundag 31. januar kl 1930 Enkel servering - Vel møtt! Arr: Skjåk historielag og Skjåk folkebibliotek Vi har fleire bøker om Maihaugen på biblioteket. Lagt inn av: Sigrun

Leseåret 2010

Bilde
Leseåret 2010 er av Kunnskapsdepartementet og kultur - og kyrkjedepartementet peika ut som Nasjonalt leseår. Leseåret 2010 skal vere starten på eit leseløft som skal vare til 2014. Heile befolkninga vil vere målgruppe for Leseåret 2010. Det er naturleg at biblioteka står sentralt i eit Nasjonalt leseår. Biblioteka er opne for alle, har kunnskapen, arenaen og - ikkje minst - kontakt med lesaren. Vi på biblioteket i Skjåk Derfor har laga ein eigen blogg for barne-og ungdomsbøker. Vi ynskjer at alle elevar og lærarar i Skjåk kan vere med å gjere denne bloggen til ein ressurs i så måte. Send ei bokanbefaling på e-post til biblioteket, så legg vi den ut med bilete av boka og signaturen din. Sjå bloggen for barne-og ungdomsbøker her:) Lagt inn av: Sigrun

"P2-lytternes romanpris"

Bilde
No er seks av bøkene valt ut frå lista til "P2-lytternes romanpris"for 2009. Desse skal konkurrere om juryen sin gunst, sjølve kåringa går føre seg i februar. Vi har bøkene på biblioteket. . Dei nominerte er: . - Nils Fredrik Dahl: "Herre" - Karl Ove Knausgård: "Min kamp 1" - Mirijam Kristensen: "Et rikt liv" - Britt Karin Larsen: "Det vokser et tre i Mostamägg" - Atle Næss: "Din nestes eiendom" - Anne Oterholm: "Toget fra Ajaccio" . Du kan klikke på tittelen for å sjekke om boka er innne. Les meir om prisen her. Lagt inn av: Sigrun

Flickr

Vi har lagt ut nokre bilete frå biblioteket på flickr. Ta ein kikk her : )

"Den usynlige muren" og "Drømmen"

Bilde
..... av Harry Bernstein . I desse to bøkene møter vi jødiske Harry og familien hans. Dette er ei forteljing om kampen for å overleve, men det er også ei bok om håp, kjærleik og humor. Det er ei spennande og sann historie, skrive av ein som var med. Ein kan nesten kjenne lukta, høyre lydane og føle stemninga frå denne tida, som er 1. verdskrigen. Handlinga går føre seg i industribyen Lancashire i England, ein fattig og grå by på denne tida. Byen var brutalt delt i to. Ein usynleg mur prega livet til alle som budde der. På den eine sida budde jødane og på den andre budde dei kristne, to forskjellige verder som aldri måtte møtast og blandast. . Skildringa av faren er sterk. Vi får høyre om ein far dei sjeldan ser eller pratar med. Han går på puben kvar dag, og mora får så lite hushaldningspengar at ho knapt kan fø ungane sine. Men heldigvis har ho både pågangsmot og omsorgsevne, ho klarar mot alle odds å starte ein liten fruktbutikk som sel frukt som dei andre torghandlarane elles ville

Internettkafé

Bilde
Vi startar opp med internettkafe, som er eit gratis tilbod til vaksne. Den er ein uformell møteplass kor du får tilgang til PC og internett med moglegheit for rettleiing. Fyrste internettkafé er måndag 18. januar kl 10 – 13 Ingen påmelding – berre møt opp! Vel møtt: - måndag 18/1 kl 10 - 13 - måndag 15/2 kl 10 - 13 - måndag 15/3 kl 10 - 13 - måndag 26/4 kl 10 - 13 NB! Ny dato - måndag 10/5 kl 10 – 13 Sal av kaffe og biteti Skjåk folkebibliotek Tlf: 61 21 43 00 Lagt inn av: Sigrun