"Den usynlige muren" og "Drømmen"

.....


av Harry Bernstein
.
I desse to bøkene møter vi jødiske Harry og familien hans. Dette er ei forteljing om kampen for å overleve, men det er også ei bok om håp, kjærleik og humor. Det er ei spennande og sann historie, skrive av ein som var med. Ein kan nesten kjenne lukta, høyre lydane og føle stemninga frå denne tida, som er 1. verdskrigen. Handlinga går føre seg i industribyen Lancashire i England, ein fattig og grå by på denne tida. Byen var brutalt delt i to. Ein usynleg mur prega livet til alle som budde der. På den eine sida budde jødane og på den andre budde dei kristne, to forskjellige verder som aldri måtte møtast og blandast.
.
Skildringa av faren er sterk. Vi får høyre om ein far dei sjeldan ser eller pratar med. Han går på puben kvar dag, og mora får så lite hushaldningspengar at ho knapt kan fø ungane sine. Men heldigvis har ho både pågangsmot og omsorgsevne, ho klarar mot alle odds å starte ein liten fruktbutikk som sel frukt som dei andre torghandlarane elles ville ha kasta. Familien er nemleg så fattig at mora ikkje har råd til skinnsko til sonen sin, han blir nekta plass på den fine skulen. Han må gå på ein dårleg skule kor både han og syskena hans blir mobba og plaga.
.
Ingen tvil om at denne forfattaren har ei sjeldan evne til å skape stemningar. Når han begynner å fortelje, blir lesaren raskt trekt inn i hans verd.
.
"Drømmen" er oppfølgjaren til den fyrste boka. Dei kom ut i 2007 og 2008.
Sjekk om bøkene er inne:
.
Bok 2: "Drømmen"
Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede