Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2013

Postkort med dikt og sitat av Jan-Magnus Bruheim

Bilde
I 2014 er det 100 år sidan forfattaren Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk vart fødd. ”Jan-Magnus Bruheim 100 år. ALDRI ELDEST TIDI ”, er overskrifta på 100-årsjubileet, som skal markerast med boka «Dikt i utval», ein diktarstig, ein cd med tonesette dikt og fleire arrangement. Du kan lese meir om jubileet på den nyoppretta heimesida for Jan-Magnus. Bruheim-nemnda har laga to typar doble postkort som er i sal hjå Skjåk folkebibliotek (kommunehuset) og Akantus (Skjåk kjøpesenter) for kr 35,- pr. stk. Det eine kortet har ein akvarell av Marit Grande Haugen med  fjellet Skridulaupen på framsida, og eit sitat inni kortet: Å vakne til ein ny dag er som å få ei forundringspakke. Du veit ikkje kva ho inneheld, og kvar gong er det like spanande å opne ho. (Bok: Spegelbrot. 1990, s 51) Det andre kortet har eit bilete av elva Føysa og diktet «Den annsame», fotograf er Morten Kielland. Det er lett å kjenne seg att i diktet som sette ord på tidsklemma før ho var oppfunne.