Innlegg

Viser innlegg fra september, 2010

SeniorSurf-dagen 2010

Bilde
. 30. september kl 10 - 13 Rettleiing for nybyrjarar i bruk av PC og Internet på studiesenteret (Skjåk kommune) Påmelding til:         Skjåk folkebibliotek      tlf 61 21 43 00             eller          Skjåk friviljugsentral     tlf 61 21 45 57                         Arr: Skjåk folkebibliotek, Skjåk friviljugsentral og Skjåk studiesenter Lagt inn av: Sigrun Eide

Les i Fjuken om Magnhild Bruheim

Bilde
. Fullt bibliotek for Magnhild Over 70 personar var på plass da Magnhild lanserte den nye boka si Det som ein gong var. Les meir i Fjuken: Fjuken - lokalavisa for Ottadalen - Fullt bibliotek for Magnhild Vi har boka her på biblioteket. Sjekk om ho er inne her . Magnhild Bruheim Vox Morsem underheldt med fin song.   Lagt inn av: Sigrun Eide

Landskap og filosofi

Bilde
Det filosofiske hjørnet . Skjåkprosjektet  arrangerte eit seminar på Sota i august. Tema var Landskap og Filosofi. Det var fleire interessante foredrag, og med den vakre naturen i bakgrunnen var seminaret svært vellykka. På biblioteket har vi sett fram ein del bøker med tema natur og filosofi. Du kan lese meir om seminaret på Sota på:   Skjåk kommune si heimeside. Til inspirasjon -  ei lita perle av ei bok: Ut i naturen - Inn i naturen   av Eldbjørg Nyborg. Ho har laga ei vakker bok som inneheld 24 av hennar digitale akvarellar, godt følgd av eigne tekster og sitat frå verdslitteraturen. Her har du ei skikkeleg kose- og tenkjebok, anten du vil sjå, lese eller begge delar. Den er perfekt når du treng påfyll i godstolen, eller ein fylgjesvenn på reisa. Boka inspirerer rett og slett til opphald i naturen. Sjå dei digitale akvarallane  i dette nettgalleriet.  Vi har boka her på biblioteket. God fornøyelse! Ta ein kikk her også! Ein smakebit frå boka: Lagt

Jack Dalton

Bilde
"Never mute noise, just turn down sleep" Trondheimsbandet Jack Dalton har eit bandmedlem frå Skjåk, Tom A. Hånsnar. Som kjend er jo trønder og døl ei fin blanding :) Cd-en fekk terningkast 5 i Dagbladet . Vi har den nye cd-en deira, og den kan trygt anbefalast! Sjekk om cd-en er inne her . Jack Dalton : Jimmy (Vokal og gitar), Ørjan (gitar), Bjarne (trommer) og Tom A.(bass) Jack Dalton på Youtube: Lagt inn av: Sigrun Eide