Skjåkprosjektet arrangerte eit seminar på Sota i august. Tema var Landskap og Filosofi.
Det var fleire interessante foredrag, og med den vakre naturen i bakgrunnen var seminaret svært vellykka. På biblioteket har vi sett fram ein del bøker med tema natur og filosofi.
Ho har laga ei vakker bok som inneheld 24 av hennar digitale akvarellar, godt følgd av eigne tekster og sitat frå verdslitteraturen. Her har du ei skikkeleg kose- og tenkjebok, anten du vil sjå, lese eller begge delar. Den er perfekt når du treng påfyll i godstolen, eller ein fylgjesvenn på reisa. Boka inspirerer rett og slett til opphald i naturen. Sjå dei digitale akvarallane i dette nettgalleriet. Vi har boka her på biblioteket. God fornøyelse!
Er du på leiting etter ei hyggeleg høgtlesingsbok? Da må du lese om dei tre "vanlege" ungane som blir superheltar om natta. Dette er ei fin kvardagsskildring av Rune, Atle og Åse, men også dei tre andre gutane som saboterer hyttebygginga til dei fyrstnemnde. Rune (Brune) I boka "Brune" møter vi Rune og familien som har flytta for å bu nærare Bestefar. Men ein dag dør bestefar. Rune saknar bestefar og nokre gonger finn han bestefaren sitjande på ein stein i skogbrynet. Når det skjer, har dei koselege samtaler der Rune hentar styrke og støtte. Brune og Atle er venner og har bygd ei hytte i skogen som dei har bestemt at dei skal måle brun. Men så… hytta blir ramponert av prestesonen Anton og kompisen hans Ruben. Og der har vi motivasjonen bak Brunes eksistens. Rune lagar ei superheltdrakt, og når det blir svarte natta, tek han si hevn over gutane ved å måle ein av syklane deira brun. Neste natt får han selskap av Svartle (Atle) som også har noko ug...
Anna Steinbakke og Wenche Skjaak Moen kan litt data frå før - men dei ynskjer å lære meir. Foto Sigrun Eide Flinke, oppegåande og arbeidsviljuge deltakarar I februar og mars har vi hatt datakurs for seniorar. Det var stor interesse for kurs i år, vi fekk to fulle grupper med 10 deltakarar på kvar. Vi er heldige som har studiesenteret som vi kan nytte oss av. På timeplanen sto grunnleggjande databehandling. Først lærte vi om tastaturet og datamusa, før vi var snøgt innom tekstbehandling. Vi brukte mest tid på internett i dette kurset - vi har googla podagra, kjøttmat frå Skjåk, vêrmeldingar, nyheiter, togbillettar, bøker og mykje meir. Vi inviterte SpareBank 1 Lom og Skjåk. Ingvard Olstad, Kristin Resvoll og Britt Sperstad kom og informerte om nettbank. Elling Starrem frå Skjåk kommune var innom og informerte om offentlege nettsider. Sigrun forklarte tastatur, mus, tekstbehandling og internett frå storskjermen medan Hanne, Inger Kristen ...
Kommentarer
Legg inn en kommentar