Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2014

Gruffalo med Teater Innlandet

Bilde
Kven er Gruffalo? Gruffalo er ei barnebok skrive av Julia Donaldson og illustrert av Axel Scheffler. Hovudmålgruppa er barn mellom 3 - 7 år.  Teater Innlandet har sett opp den sjarmerande hisoria som figurteater, med John Nyutstumo som skodespelar og figurførar. "En mus gikk tur i skogen, da skjedde det mye rart. Han diktet opp en Gruffalo, og trudde han var smart. Han lurte faktisk ugla, og rev og slange med. Men kanskje aller mest seg sjøl, for gjett hva han fikk se?" Velkomen til Skjåk folkebibliotek tysdag 25. mars   To forestillingar: kl 11 - for barnehagealder kl 12 - for 1. og 2. klasse Passar frå 3 - 7 år Gratis inngang Nrk P2, Karen Frøsland Nystøyl: "Enkel og fengende Gruffalo. Nyutstumo står trygt i det han gjør. Og med gjenkjennelige og svært godt utførte figurer fra figurmaker Tatjana Zaitrows hånd, er det ikke så mye mer som trengs. Med Gruffalo har Teater Innlandet laget en enkel, og derfor modig forestilling."

Boklek

Bilde
Velkomen til Boklek på Skjåk folkebibliotek onsdag 12. mars kl 9.30 Alle førskulebarn i Oppland er invitert med på Boklek; til å oppdage boka gjennom å lytte, teikne, dikte, fortelje og skape. Prosjektet ynskjer å vise at det er mange vegar inn i boka.   Dette er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle dei 26 folkebiblioteka i Oppland. Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle førskulebarn Les meir om prosjektet på Boklek-bloggen. Om Kubbe Kubbe er veldig glad i å samle på alt han finn i skogen. Det finst så mange skattar der ute, tykkjer han. Han tek med seg alle skattane heim og legg dei i fine boksar. Men ein dag er alle boksane fulle! Da startar Kubbe sitt eige museum, i sin egen heim. Museet blir ein stor suksess - nesten for stor, tykkjer Kubbe..... Tenk om han må stå i dokø til sin eigen do resten av livet? Passar for førskulebarn Gratis inngang Velkomen!