Innlegg

Viser innlegg fra september, 2020

Vi har pussa opp

 Vi har måla, rydda og ommøblert litt. Velkomen innom 😊 

Avslutningsfest Sommarles 2020

Bilde
Måndag kveld hadde vi avslutningsfest for alle som var med på Sommarles 2020 i Skjåk. Klovnen Knut er ein populær og artig kar. Han trylla og tulla med både vaksne og barn før vi kunngjorde årets vinnarar av uttrekkspremiane. (Alle som møtte på festen fekk kvar sin trøystepremie😊) I Skjåk var det 54 deltakarar som til saman las 584 bøker og 84276 sider. Bra jobba! Uttrekkspremiar 4. klassingen Vetle Morken Gartland vann gåvekortet på kr 1000,-.  Tor Kjetil Voldhaug, Trine Tråstad Kvålshagen, Alma Rakstad Haugen og Julia Margrete Brandsar vann kvar si bok. Vetle Morken Gartland, Tor Kjetil Voldhaug, Trine Tråstad Kvålshagen, Alma Gustavsen Rakstad og Julia Margrete Brandsar. Klovnen Knut

Vinnaren Lise

Bilde
Gratulerer til Lise Bævre Ho vann gåvekortet på kr 500,- i samband med lesekonkurransen Sommar + Bok for 8., 9. og 10. klassingane våre. Sara Bosmen og Alfred Åmot vann kvar si bok - gratulerer til dykk to også :) Sommar + Bok

N-Games - dataspeling i biblioteket

Bilde
Skjåk folkebibliotek 11/9 og 20/11 Biblioteka i Nord-dalen skal ha spelkveldar skuleåret 2020/2021 også, to kveldar før jul og to kveldar etter jul. Dette er eit samarbeid med den friviljuge organisasjonen Blue Elite Esports. Det er tredje året Skjåk folkebibliotek er med. Vi gler oss til ein ny runde med N-Games i kommunestyresalen. N-Games er ei turnering med 24 arrangement (fire på kvart bibliotek), og ein storstilt finale i Otta Kulturhus i juni 2021. Finalehelga består av sluttspel i Rocket Leauge og mindre turneringar i andre spel. Møt opp og meld deg på i døra. På grunn av Covid-19  vi må vi registrere alle som er til stades, dette gjeld både spelarar og føresette.   Arrangementa er gratis og ope for alle. Velkomen skal du vere :) Blue Elite Esports Du finn utfyllande informasjon på facebooksida til Blue Elite Esports.