Vi på Skjåk folkebibliotek har rydda, måla og pussa opp biblioteket vårt. No er vi på jakt etter fleire hyller til reolane våre. Dei vart i si tid kjøpt hjå Torco AS som diverre vart lagt ned i 2013. Vi kan ikkje sjå at desse er i sal lengre. Kanskje kan du hjelpe oss? Smal reol Her ynskjer vi å kjøpe fleire hyller til reolen. Mål: Reolen er 25 cm på kortsida , sjølve hylla er 20 x 88 cm. (Det er 16 cm mellom festehulla). Sjå bilete under. Tidsskrift reol Vi ynskjer å bruke denne reolen til tidsskrift, vi treng da fleire skråhyller slik som den øvste hylla. Mål: Reolen er 35 cm på kortsida , hylla er 29,5 x 88 cm. (Det er 22,5 cm mellom festehulla). Sjå bilete under. - Veit du om nokon som kan ha slike hyller som ikkje er i bruk? - Veit du om det er mogleg å få kjøpt desse nokon stad? Smal reol 25 cm Smal reol Tidsskriftreol 35 cm Tidsskriftreol
Alene 1 - Forsvinningen av Gazzotti og Vehlmann Fem ungar vaknar opp i ein by der alle bebuarane har forsvunne på mystisk vis i løpet av natta. Alle, inkludert mamma og pappa, er borte vekk. TV og internett har slutta å fungere. Ungane finn kvarandre. Redde og fortumla prøver dei å finne ut kva som har skjedd og korleis dei skal klare seg i ei ny og farleg verd. Dei må lære å overleve… ALEINE. (Eller…er dei eigentleg aleine?) Historia har nerve frå fyrste stund. Spenningsnivået er høgt og held seg gjennom heile serien. Dette er e in lettlesen og spennande teikneserietriller som anbefalast frå 10 år og langt oppover. Så langt er seks bøker i denne serien oversatt til norsk. Vi har dei på biblioteket. Løp og lån :) Alene 1 – Forsvinningen Av Fabien Vehlmann og Bruno Gazzotti ISBN 9788293569008 46 sider QlturRebus Forlag
Utruleg morosam bok! Dette er ei heidundrandes bygdeforteljing med sjølvaste Ivar Aasen som sin øvste beskyttar. I bygda Vassbygda klamrar dei seg til nynorsken. Problemet er at vassbygdingane ikkje klarer å einast om nokon ting, ikkje ein gong om dei bur i Vassbygd a eller Vassbygd i . Sylvia på a-sida køyrer rundt i ein Audi med Aud a -skilt, Uføre på i-sida, har ein Toyota med Toyot i -skilt. Boka opnar og endar med to brotsverk. Begge desse vert utførte av Orm Åkerstein, og begge vert utførte som ein del av målstriden. Det fyrste er retta mot Posten, og er ein protest mot all reklamen som kjem på bokmål. Det andre er retta mot bjørnen Ivar i Dyreparken i Kristiansand, og vert gjort for å hindra at andre Ivarar kan stå i vegen for sjølvaste Ivar Aasen. Elles er det mange andre døme på korleis ein kan kjempa for målsaka. Dirigenten i det lokale koret får gjennomgå skikkeleg etter at berre ein av åtte songar under ein konsert var på nynorsk. Han blir kidnappa og får ei behandlin
Kommentarer
Legg inn en kommentar