Innlegg

Viser innlegg fra september, 2012

Brukarundersøking

Bilde
Skjåk kommune har dei siste åra gjennomført brukarundersøking innan fleire tenesteområde i kommunen. Frå eit arrangement i biblioteket Vi er opptekne av å gje våre brukarar eit best mogleg tilbod og skal difor denne hausten også gjennomføre ei brukarundersøking på biblioteket. Det er viktig for oss å få kjennskap til korleis du som brukar opplev kvaliteten på våre tenester. Ved å svare på spørsmåla vil du gje oss ei god oversikt over kva vi bør bli betre på. Det vil vere mogleg å svare på bukarundersøkinga i veke 39, 40, 41 og 42. Undersøkinga er lagt opp slik at du skal kjenne deg trygg på at svara du gjev vert handsama anonymt. Du skal kun setje kryss på det svaralternativet du meiner er mest dekkjande for di vurdering. Deltaking i undersøkinga er frivillig, men vi håpar du på denne måten kan hjelpe oss å skape betre tilbod ved biblioteket. Du får passord på biblioteket.

Asbjørnsen og Moe

Bilde
Velkomen til: Kåseri med Truls Gjefsen   Asbjørnsen og Moe -eventyrlege liv   Skjåk folkebibliotek  tysdag 9. oktober kl 19   Enkel servering - gratis inngang   Arr: Skjåk folkebibliotek og Skjåk historielag   Vel møtt!

Og dei heldige vinnarane i Skjåk er...

Bilde
Lisbeth Risheim  - den glade og heldige vinnar av iPad Lisbet Mona Mæhlum  - den glade vinnar av digispelar m/kort Bjørn Risheim - den glade vinnar av digispelar med/kort Edvin Jevnheim-Bakkom  - den glade vinnar av digispelar m/kort Lisbet R., Bjørn, Edvin og Lisbet M. foran alle  dei andre "vinnarane" (dei fekk jo pizza, brus og bokmerkje) Biblioteka i Nordddalen inviterte alle 6 - 15 åringar til ei lesekonkurranse i skuleferien som  heiter SOMMAR + BOK. Oppgåva var å lese minst 5 bøker, skrive opp i eit leseskjema for så å levere dei attende til biblioteket. Det var Lom og Skjåk sparebank som sponsa hovudpremien som var ein iPad. Paul Håvard Skotte frå banken fekk den store æra av å overrekkje den. Til saman har ungane som har delteke i konkurransen i Nord-Gudbrandsdalen, lese 2.325 bøker i sommar. Vi inviterte like godt alle som hadde vore med frå Skjåk til ei feiring i biblioteket. Dei fleste kom, og vi feira dei heldige vinnarane m

Datakurs på Skjåk folkebibliotek

Bilde
Datakurs for +55 Skjåk folkebibliotek Vi tilbyr grunnleggjande dataopplæring i tastatur, e-post, tekstbehandling, internett, nettbank m.m. Påmelding til Skjåk folkebibliotek tlf: 909 47 020