Brukarundersøking

Skjåk kommune har dei siste åra gjennomført brukarundersøking innan fleire tenesteområde i kommunen.

Frå eit arrangement i biblioteket
Vi er opptekne av å gje våre brukarar eit best mogleg tilbod og skal difor denne hausten også gjennomføre ei brukarundersøking på biblioteket. Det er viktig for oss å få kjennskap til korleis du som brukar opplev kvaliteten på våre tenester. Ved å svare på spørsmåla vil du gje oss ei god oversikt over kva vi bør bli betre på. Det vil vere mogleg å svare på bukarundersøkinga i veke 39, 40, 41 og 42.

Undersøkinga er lagt opp slik at du skal kjenne deg trygg på at svara du gjev vert handsama anonymt. Du skal kun setje kryss på det svaralternativet du meiner er mest dekkjande for di vurdering.

Deltaking i undersøkinga er frivillig, men vi håpar du på denne måten kan hjelpe oss å skape betre tilbod ved biblioteket. Du får passord på biblioteket.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk