BokLek-forfattaren for 2016 er Lisa Aisato. Aisato er ein norsk illustratør, forfattar og biletkunstnar som har gjeve ut fleire barnebøker og illustrerer for fleire forlag. BokLek er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle dei 26 folkebiblioteka i Oppland. Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle som skal byrje på skulen i Oppland. Ungane blir invitert med til å oppdage boka gjennom å lytte, teikne, dikte, fortelje og skape. Prosjektet BokLek ynskjer å vise at det er mange vegar inn i boka, og at barna skal kunne delta på eigne premissar. BokLek er eit årleg bokprosjekt, der det blir engasjerert ein barnebokforfattar eller illustratør som skal på turné til alle folkebiblioteka i Oppland. Lisa Aisato kjem til Skjåk folkebibliotek tysdag 5. april kl 9.30. Meir informasjon om BokLek 2016 Oppland fylkeskommune har skrive ein artikkel om BokLek.