Publikum i si hule hand
I dag hadde vi besøk av alle dei flinke førskuleungane i Skjåk. MEN - det stoppar ikkje der. Vi hadde nemleg besøk av ei dame også - og det var ingen ringare enn den anerkjente illustratøren og barnebokforfattaren Lisa Aisato.
|
Lisa Aisato og førskuleungane i Skjåk |
Ho fortalte at ho har vore glad i å teikne heilt frå ho var lita. Ho teikna, synte fram og gav gode tips til korleis også
vi, "heilt enkelt", kan teikne og illustrere ved å bruke vår eigen fantasi og skaparkraft.
Publikummet satt stille som mus og fekk med seg kvart eit ord som vart sagt og kvar ei teikning som vart teikna. Lisa hadde med andre ord publikummet i si hule hand.
Boklek
Lisa Aisato er årets Boklekforfattar, Boklek er eit samarbeid mellom Oppland fylkesbibliotek, Norsk Litteraturfestival og alle dei 26 folkebiblioteka i Oppland.
Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle førskulebarn i Oppland. Gjennom Boklek kan barna oppdage boka ved å lytte, teikne, dikte, fortelje og skape. Boklek ynskjer å vise at det er mange veger inn i boka.
Kom og lån bøkene til Lisa
På biblioteket har vi bøkene til Lisa Aisato. Kom og lån "Odd er et egg", "Don Fridtjov", "Tambar", "En fisk til Luna", "Fugl" og mange fleir. Bøkene eignar seg til både høgtlesing og til å lese sjølv.
|
Lisa Aisato er ein fantastisk illustratør |
Her ser du eit bittelite utval av dei vakre
illustrasjonane til Lisa Aisato
|
Lisa Aisato |
|
Illustrasjon av Lisa Aisato. Frå boka "Fugl" |
|
Illustrasjon av Lisa Aisato. Frå boka om Astrid Lindgren |
|
Illustrasjon av Lisa Aisato |
|
Illustrasjon av Lisa Aisato. Frå boka "En fisk til Luna" |
|
Illustrasjon av Lisa Aisato |
|
Illustrasjon av Lisa Aisato. Frå boka "Mine to oldemødre" |
|
Illustrasjon av Lisa Aisato. Frå boka "Odd er et egg" |
|
Illustrasjon av Lisa Aisato |
|
Illustrasjon av Lisa Aisato. Frå boka "Don Fridtjov" |
Kommentarer
Legg inn en kommentar