Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2019

Les om superheltane Brune, Svartle og Blåse av Håkon Øvreås

Bilde
Er du på leiting etter ei hyggeleg høgtlesingsbok? Da må du lese om dei tre "vanlege" ungane som blir superheltar om natta. Dette er ei fin kvardagsskildring av Rune, Atle og Åse, men også dei tre andre gutane som saboterer hyttebygginga til dei fyrstnemnde. Rune (Brune) I boka "Brune" møter vi Rune og familien som  har flytta for å bu nærare Bestefar. Men ein dag dør bestefar. Rune saknar bestefar og nokre gonger finn han bestefaren sitjande på ein stein i skogbrynet. Når det skjer, har dei koselege samtaler der Rune hentar styrke og støtte. Brune og Atle er venner og har bygd ei hytte i skogen som dei har bestemt at dei skal måle brun. Men så… hytta blir ramponert av prestesonen Anton og kompisen hans Ruben.  Og der har vi motivasjonen bak Brunes eksistens. Rune lagar ei superheltdrakt, og når det blir svarte natta, tek han si hevn over gutane ved å måle ein av syklane deira brun. Neste natt får han selskap av Svartle (Atle) som også har noko ug

Sommarles 2019

Bilde
Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarles-forteljinga, løyse oppgåver og følge med på kva vennene dine les! Leselystaksjon Sommarles er ein nasjonal leselystkampanje som gjer lesing enno litt kjekkare. For kvar bok du les og registrerer på  sommarles.no , får du XP (poeng), og går etter kvart opp i level. Om du var med i fjor kan du bruke samme brukarnamn og passord. All lesing blir rekna med og gjev poeng Sommarles er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du konkurrerer nemleg først og fremst med deg sjølv. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller kanskje nokon kan lese høgt for deg – all lesing tel og gir deg poeng. Og sjølvsagt har vi premiar. Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket. Somma