Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2012

Nye bøker

Bilde
Klikk på boka!

Filmen frå Grotli - "Into the White"

Har premiere 9. mars Filmen, som lengje hadde arbeidstittelen "Comrade" - men som no skal heite "Into the White", har premiere 9. mars. 27. april 1940 Høgt over fjella vest for Skjåk kjempar to fly ein kamp på liv og død. Begge styrtar. To engelske og tre tyske soldatar overlever nødlandinga og søkjer tilfeldigvis ly i samme hytte. Dei er fiendar, men må samarbeide for å overleve. Her kan du sjå traileren frå krigsdramaet på Grotli.Filmen har fleire store skodespelarar på rollelista. Blant andre Harry Potter-stjerna Rubert Grint. Han speler bestevennen til Harry Potter, Ron Weasley. Sjå godt etter - kanskje får du auge på ein av statistane frå Skjåk :) Les meir på FILMWEB.

Magnhild Bruheim på topp

Bilde
Topp 3 kjem frå Nord-Gudbrandsdalen Med bøkene "På flukt" og  "Det som ein gong var" ligg Magnhild Bruheim frå Skjåk på utlånstoppen for 2011 i Skjåk. Magnhild Bruheim har skrive fleire bøker for både ungdom og vaksne. Ti på topp - vaksne Boka til Ragnhild Kolden ligg som nr 2, mens krimboka til Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden, begge frå Lom, ligg som nr. 3. Ti på topp - barn/ungdom Magnhild Bruheim toppar lista for barn og ungdom. Bøkene til Jørn Jensen er populære, han er representert med heile 7 bøker.

Nye bøker

Bilde
      

Utstillinga "Mennesket i aktivitet"

Bilde
På Skjåk folkebibliotek Kom å sjå den flotte utstillinga som elevar i 8. klasse ved Skjåk ungdomsskule har laga. Utstillinga heiter "Mennesket i aktivitet". Her er det stor aktivitet!