Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2010

Jeffery Deaver skriv ny bok om Bond

Bilde
. "Ian Flemming skapte den litterære Bond, Sean Connery udødeliggjorde ham på film. Nå skal den amerikanske thriller-forfatteren Jeffery Deaver gjennopplive agent 007 i bokform med romanen «Project X». " Les meir i adressa.no.

Jeffery Deaver

Bilde
. Kald måne Skrekk og gru.. To personar blir funne brutalt myrda ei bitande kald desembernatt i New York. Mordaren likar å seigpine ofra sine, og han har ein signatur: nemleg ei klokke ved kvart offer som ser ut til å ha rekna nøyaktig tida det tek for dei å døy. Det kan sjå ut som mordaren har tvunge det eine offeret sitt til å hengje etter armane frå bryggjekanten mens han kappa over handledda på han. Ved blodpølen tikkar klokka. Offeret har lidd ein lang og smertefull død. Det blir etter kvart fleire åstader, alle med ei illevarslande klokke. Mordaren får namnet Klokkemakaren, han drep med sylskarp presisjon og etterforskar Lincoln Ryhme har berre timar på seg til å stoppe han. Da etterforskinga ledar til urmakaren som har selt klokkene til mordaren, blir det slått full alarm. Mordaren har kjøpt ti klokker.. Boka er vanskeleg å leggje frå seg, og den som klarar å sjå løysinga på denne gåta før slutten er god! Dette er den sjuande romanen der etterforskaren Lincoln Rhyme er med. Jef

SOMMAR+BOK

Bilde
Klikk på bilete for større tekst. Lagt inn av: Sigrun

Skal seie det var sirkus på biblioteket her om dagen..

Bilde
..da karusellgruppa ved Skjåk kulturskule synte fram ein smakebit frå sjølve framsyninga som er no fredag, nemleg Sirkus Skiaker . Med fine kostyme, dramatisering og song, fekk publikum eit sirkus litt utanom det vanlege - men som var minst like bra. Salet av popkorn gjekk så det susa til kun kr 1,- pr kopp! Møt opp i Skjåkhallen fredag 11. juni kl 18.00, og få med deg heile sirkuset med mellom anna klovnar, linedansarar, akrobatikk og musikk. Lagt inn av: Sigrun

Endeleg sommar..

Bilde
Drøymer du òg om ein vakker hage? ..om sommar, blomster, jordbær, syrin, rips, uteliv, bier, grilling, bøker.. Ta deg ein tur til biblioteket, vi har mange bøker til inspirasjon! Er er du av det nevenyttige slaget? Eller veit du om "nokon" som er det? Til inspirasjon: Lagt inn av: Sigrun