Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2020

Måleriutstilling på biblioteket

Bilde
Kom og sjå den fine måleriutstillinga vi har på biblioteket!  Det er elevar frå Visuell Kunst ved Lom og Skjåk kulturskule som er dei flinke kunstnarene :)

Sommar + Bok

Bilde
Sommar + Bok Skjåk folkebibliotek inviterer alle som går i 8., 9. og 10. klasse til ein lesekonkurranse i skuleferien. Oppgåva er slik Les eller høyr 3 bøker og før dei opp i eit skjema. Svar på to spørsmål. Lever skjemaet attende til oss innan 31. august. Du kan fylle ut så mange skjema du vil. Premiar Alle som leverer skjema er med i trekninga av hovudpremien som er eit gåvekort på kr 500,-. Vi har også fleire uttrekkspremiar. Du får ei "litol" overrasking for kvart skjema du leverer inn. Skjema får du på biblioteket. Lukke til :)
Bilde
Bli med på ein kul lesekampanje i sommar! Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.no. Sommarles gjer lesing artig, du lagar ein profil på Sommarles.no , registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og fylgjer med på kva vennene dine les. Her kan du også lese ei superspennande forteljing som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør oss på biblioteket. Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar. Når du legg inn bøker, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren. “Sommarles” – årets dille for skulebarn! Bloggaren «Pappahjerte» Til foreldre/føresette Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje og er laga f

Etterlysing

Bilde
  Vi på Skjåk folkebibliotek har rydda, måla og pussa opp biblioteket vårt. No er vi på jakt etter fleire hyller til reolane våre. Dei vart i si tid kjøpt hjå Torco AS som diverre vart lagt ned i 2013. Vi kan ikkje sjå at desse er i sal lengre.   Kanskje kan du hjelpe oss? Smal reol Her ynskjer vi å kjøpe fleire hyller til reolen. Mål: Reolen er 25 cm  på kortsida , sjølve hylla er 20 x 88 cm. (Det er 16 cm mellom festehulla). Sjå bilete under. Tidsskrift reol Vi ynskjer å bruke denne reolen til tidsskrift, vi treng da  fleire  skråhyller slik som den øvste hylla. Mål: Reolen er 35 cm  på kortsida , hylla er 29,5 x 88 cm. (Det er 22,5 cm mellom festehulla). Sjå bilete under. -           Veit du om nokon som kan ha slike hyller som ikkje er i bruk? -           Veit du om det er mogleg å få kjøpt desse nokon stad? Smal reol 25 cm  Smal reol Tidsskriftreol 35 cm  Tidsskriftreol