Bli med på ein kul lesekampanje i sommar!

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.no. Sommarles gjer lesing artig, du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og fylgjer med på kva vennene dine les. Her kan du også lese ei superspennande forteljing som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør oss på biblioteket.

Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar. Når du legg inn bøker, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.

“Sommarles” – årets dille for skulebarn!
Bloggaren «Pappahjerte»

Til foreldre/føresette
Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje og er laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. Det skal vere gøy å vere med! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, styrkar leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre les på fritida, men vi veit at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart. Vi håpar at de vil hjelpe oss med å motivere barna til å vere med på Sommarles.no. Det er ein fin aktivitet uansett kvar de skal feriere i sommar. Ta turen innom sommarles.no for meir informasjon  - eller besøk oss på biblioteket.


God sommar med sommarles.no!

I denne lille filmen får du gode tips frå Marie, Nelly, Bastian og hamsteren Speedy:

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren