Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2014

No kan du låne e-bøker på biblioteket

Bilde
No kan alle innbyggjarane i Oppland med lånekort låne e-bøker på biblioteket. Vi har ein felles bokbase for heile Oppland. Det vil gi eit større og breiare utval enn om kvart bibliotek skulle hatt sin eigen base. Treng du hjelp? På nettsida til eBokBib får du svar på mange spørsmål rundt installering og bruk. Du kan også ta ein kikk på denne installeringsvideoen for iPhone hos YouTube. Dei lokale biblioteka kan også hjelpe deg i gang. 400 titlar Pr. i dag kan publikum låne ca. 400 titlar for barn, ungdom og vaksne. Bøkene er rangert innan ulike sjangrar. Utover hausten vil det bli kjøpt inn fleire titlar.  Publikum kan låne ei e-bok i inntil 3 veker. Etter den tid vil boka automatisk forsvinne, men det er fullt mogleg å levere inn boka før den tid. Det er også mogleg å fornye boka. Du kan lese eit utdrag på 10-12 sider før du lånar boka. Når boka først er lasta inn på nettbrett eller smarttelefon så treng du ikkje å vere oppkobla mot inter