Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2021

Mord i biblioteket

Bilde
No kan du delta i påskekrimmen vår og bli med i trekninga av eit stort påskeegg.   Send ei melding på e-post, facebook eller ein SMS til tlf 909 47 020 der du oppgjev gjerningsperson/-personar og motiv. Svarfristen er torsdag 8. april. Ei litol tilleggsoppgåve: Det ligg fire sitat "skjult" i teksta. Dette er kjente sitat av Jan-Magnus Bruheim, Tor Jonsson og Tore Ørjasæter. Kan du finne dei? God påske :) Helsing frå Oss på biblioteket Kven drepte bibliotekaren? Av T.H.Riller Det er siste arbeidsdag før påske. Sola skin og det dryp frå taket på Skjåk folkebibliotek. Bibliotekar Sigrun Propell kjem som vanleg tidleg på jobb og gler seg til låne ut mange bøker og kanskje ommøblere litt. Ho blir fortusta når ho ser at kollegaen Jenni S. Pañol har kome fyrst denne morgonen. Etter å ha drukke dagens fyrste kaffikopp i Vinterleskruset sitt, går ho bort til postrommet for hente dagens aviser. Frå servicetorget kvitrar Paula P. Ostitiv eit muntert: “Hallo Sigrun!”. Sigrun svarer blid

Påskekrim frå Skjåk folkebibliotek

 

Biblioteket er stengt frå 25. mars og inntil vidare

Bilde
 

Vinterles fram til 15. mars

Bilde
  Olga Stensgård og Unni Aurmo er med på Vinterles Vinterles Vinterles er ein årleg lesekampanje for vaksne som denne vinteren er frå 15. november 2020 til 15. mars 2021. I Vinterles gjeld det å lese 5 bøker, skrive dei inn i eit skjema som du leverer attende til biblioteket. Når du leverer skjemaet får du eit krus og du blir med i trekninga på ein middag for to på Brimi Sæter. Vi har også fleire bokpremiar. Som avslutning på årets Vinterles kjem Lars Mytting på forfattarbesøk til Skjåk folkebibliotek. Meir informasjon om dette arrangementet kjem seinare. Bli med da vel :)