Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2016

Konsert med Lars Klevstrand

Bilde
Visesongar, gitarist og melodisnikkar sidan 1968 Lars Klevstrand har markert seg som artisten med det breie repertoaret. I det ligg mange år med oppsamla kunnskap om våre sentrale norske (med eit sideblikk til svenske) visediktarar og deira verk. Han har også gjennom eit langt viseliv tolka sør-amerikanske og franske viser. Sidan 1990 har han markert seg som ein betydeleg tolkar av Evert Taube sine viser, og er å finne i den årlege Taubeforestillinga i østfoldidyllen Engels­viken kvar sommar. Velkomen på konsert med Lars Klevstrand "Evert Taubes eventyrlige viser" tysdag 9. februar kl 19 på Skjåk folkebibliotek Inngang kr 100,- Arr: Skjåk folkebibliotek med støtte frå  Den kulturelle spaserstokken

Utstilling av fine og unike stolar

Bilde
Martin Einbu, Brage Eiesar Storkjørren, Simen T. Slettede og Saron E. Tesfay. Foto: Lena K. Volden Elevar ved Skjåk ungdomsskule - Martin, Brage, Simen og Saron Denne fine gjengen har laga kvar sin stol som no er utstilt på biblioteket. Ved kvar stol kan du lese om arbeidsprosessen fram til det endelege resultatet. Lærar Lena K. Volden fortel at elevane har vore veldig kreative og flinke under heile arbeidsprosessen. Velkomen på stolutstilling :)

Utstilling - "Mi naturperle i Skjåk" 2015

Bilde
Mi naturperle 2015 I samband med Friluftslivets år oppmoda klima- og miljøministeren samtlege kommunar til å peike ut fine friluftslivsområde. Skjåk kommune oppmoda folk til å sende inn bilete av fine naturperler og friluftsområde i Skjåk. Fem vinnarar Det kom inn 53 bilete og det vart trekt fem heldige vinnarar. Bileta er no utstilt på biblioteket. Foto: Irene Marstein Segerson - Badeplass i Aura i Skjåk Foto: Laila Rusten - Nedatt frå Kjerringtjønnen i Skjåk Foto: Stein Magne Lundemo - Lundadalsvatnet i Skjåk Foto: Jarleif Elllingbø - Vetlsetra i Skjåk Foto: Kari Elin Sperstad - Tverrådalskyrkja i Skjåk