Innlegg

Viser innlegg fra september, 2022

Sommarles og trylleshow

Bilde
Måndag 26. september hadde vi fullt hus og avslutningsfest for Sommarles. Sommarles er  ein digital og nasjonal lesekampanje som går føre seg kvar sommar. Her kan alle 1. - 7. klassingar vere med på Norges kulaste lesekampanje saman med barn frå heile landet. I Innlandet fylke var 45 bibliotek med i år. Lom og Skjåk toppar denne lista som nr. 1 og 2 når det gjeld oppslutning. På avslutningsfesten kom tidlegare norgesmeister i trylling, Mikal Hednè, og hadde trylleshow for oss. Vi runda av det heile med ei spennande premieutdeling. Det var 3. klassingen Alfred Henriksen Bøhle som vann hovudpremien i år.   Takk til alle som har vore med! Vi gler oss allereie til Sommarles 2023. "Dette hadde eg aldri trudd kunne skje med meg!"                                                                                      Alfred Henriksen Bøhle. 3. klassing og glad vinnar