Innlegg

Viser innlegg fra september, 2011

Datakurs

Bilde
Har du lyst til å lære data? Eller kjenner du nokon som kan tenkje seg det? Slik samfunnet utviklar seg, krevst det meir og meir kunnskap i bruk av data. Mange tenester er i dag nettbaserte. Ynskjet er at alle, også den eldste del av befolkninga skal bli i stand til å nyttiggjere seg dette verktøyet. På biblioteket kan du få opplæring og rettleiing i å bruke data, anten du er heilt nybyrjar eller kan litt frå før. Vi har kurs i grunnleggjande dataopplæring i tastatur, e-post, tekstbehandling, internett, nettbank m.m. Vi ynskjer deg velkomen til datakurs!  Påmelding til Skjåk folkebibliotek tlf 61 21 43 00

Seniorsurf 29. september

Bilde
Gratis rettleiing for deg som er + 55 På Seniorsurf-dagen ser vi på nybyrjarstoff som tastatur, mus, symboler, sosiale medier, YouTube og internett. Får du lyst til å lære meir etter denne dagen, kan du melde deg på det årlege datakurset vi har på biblioteket. Meld deg på SeniorSurf-dagen 2011 ved å ringe Skjåk folkebibliotek tlf: 61 21 43 00. Velkomen! Klikk på plakaten 2 gonger for å sjå større bilete