Datakurs

Har du lyst til å lære data?

Eller kjenner du nokon som kan tenkje seg det?

Slik samfunnet utviklar seg, krevst det meir og meir kunnskap i bruk av data. Mange tenester er i dag nettbaserte. Ynskjet er at alle, også den eldste del av befolkninga skal bli i stand til å nyttiggjere seg dette verktøyet.

På biblioteket kan du få opplæring og rettleiing i å bruke data, anten du er heilt nybyrjar eller kan litt frå før. Vi har kurs i grunnleggjande dataopplæring i tastatur, e-post, tekstbehandling, internett, nettbank m.m.

Vi ynskjer deg velkomen til datakurs! 

Påmelding til Skjåk folkebibliotek
tlf 61 21 43 00

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Les om superheltane Brune, Svartle og Blåse av Håkon Øvreås

TV-spel i biblioteket