Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2023

Avslutningsfest for Sommarles 2023

Bilde
God fest No har vi hatt avslutningsfest for leselystkampanjen "Sommarles". Vi feira i lag med Forsker-Frederic frå Vitensenteret i Trondheim. Han hadde eit tøft vitenshow for oss. Han runda av det heile med eit høglydt brak, sjå video under. Det var faktisk 110 personar på biblioteket denne kvelden. Ungane i Skjåk har i sommar lese og registrert 275 320 sider. Det er bra jobba altså! Foran: Vebjørn Erlend E. Aaboen, Sigrid Lykre, Madeleine Jevnheim og Nora Krogstad. Bak: Vetle Morken Gartland og Forsker-Frederic Uttrekkspremiar Vebjørn Erlend Ericsson Aaboen er den heldige vinnarene av gåvekortet på kr 1000,-.  Marius Vegard Ericsson Aaboen, Sigrid Lykre, Emma M. Melbye, Oskar B. Johansen, Madeleine Jevnheim, Nora Krogstad, Vetle Morken Gartland og Rikke Brukveen vann kvar si bok. Stemningsfilm frå festen Hugs lyd :)