Innlegg

Viser innlegg fra november, 2017

Vinterles

Bilde
Ein lesekonkurranse for vaksne Gjer som Kristi Bakken, bli med på Vinterles du også. Kristi anbefalar krimbøkene til Hans Olav Lahlum. Litt om konkurransen Det går mot kaldare tider, og ingenting er som å synke ned i ein stol med ein kopp varm drikke og ei god bok. I år er andre året biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen arrangerer Vinterles. Les fem bøker og skriv dei inn i eit leseskjema. Leseskjema finn du i ditt bibliotek. Fine premiar  Alle deltakarar er med i trekninga av to gjennomgangsbillettar til Dansefestivalen på Sel.  Du leverer så mange skjema du vil. Alle som har levert skjema får eit fint Vinterleskrus. Vi avsluttar med forfattarbesøk til våren. Velkomen innom! Premiane er sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk og Dansefestivalen på Sel.

Sven Nyhus og Jon Faukstad

Bilde
Meisterspelemenn T ysdag 13. november var det ”stinn brakke” på Skjåk folkebibliotek da Jon Faukstad og Sven Nyhus inntok scena. På programmet stod stod alt  frå vakre brurmarsjar og munter dansemusikk til Bull, Grieg og Halvorsen.  Publikum, kring 90 i talet, fekk ei triveleg stund med variert og fin musikk. Artistane krydra innslaga med artige historier og historiske fakta. Mellom anna kunne dei fortelja at den vidgjetne seterjenta Gjendine Slålien var svært glad i trekkspelmusikk, og at dei begge to kjente skjåkforfattaren Jan-Magnus Bruheim. Faukstad briljerte med ein variasjon over «Pål sine høner», medan Nyhus sitt høgdepunkt var klassikaren «Bergrosa». To konsertar på ein dag gjekk fint for dei to veteranane Sven Nyhus (85) og Jon Faukstad (74). Tidlegare på dagen heldt dei konsert for bebuarane på Skjåkheimen. Takk for ei flott musikalsk oppleving og ikkje minst hyggeleg kveld på biblioteket :) Superduo: Jon Faukstad og Sven Nyhus Det vart tid til ein liten

Vi har stengt torsdag 16/11

Bilde
Torsdag 16/11 skal dei tilsette på kurs i digitale tenester. Biblioteket er difor stengt denne dagen.

Konsert med Sven Nyhus og Jon Faukstad

Bilde
Dei kjende musikarane Sven Nyhus og Jon Faukstad skal ha konsert på Skjåk folkebibliotek. Dei byr på eit variert program, frå vakre brurmarsjar og munter dansemusikk til Bull, Grieg og Halvorsen. Tysdag 14. november kl 19.30 Inngang kr 50,- Enkel servering Arr: Skjåk folkebibliotek, Folkeakademiet og Skjåk Spel og Dansarlag Du er hjarteleg velkomen :)