Vinterles
Ein lesekonkurranse for vaksne
Gjer som Kristi Bakken, bli med på Vinterles du også. Kristi anbefalar krimbøkene til Hans Olav Lahlum.
Litt om konkurransen
Det går mot kaldare tider, og ingenting er som å synke ned i ein stol med ein kopp varm drikke og ei god bok. I år er andre året biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen arrangerer Vinterles.
Les fem bøker og skriv dei inn i eit leseskjema. Leseskjema finn du i ditt bibliotek.
Fine premiar
Alle deltakarar er med i trekninga av to gjennomgangsbillettar til Dansefestivalen på Sel. Du leverer så mange skjema du vil. Alle som har levert skjema får eit fint Vinterleskrus.
Vi avsluttar med forfattarbesøk til våren.
Velkomen innom!
Premiane er sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk og Dansefestivalen på Sel.

Kommentarer
Legg inn en kommentar