Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2015

Opningstider i jula og på nyåret

Bilde
Siste opningsdag før jul onsdag 23. desember kl 10 - 14 Opningstider i romjula tysdag 29. desember kl 14 - 19 og onsdag 30. desember kl 10 - 14 Frå nyttår stengt i 2 veker pga nedvask og rydding etter ombygginga av kommunestyresalen Fyrste opningsdag etter nyttår tysdag 19. januar kl 14 - 19 Kom og lån mange bøker med utvida lånefrist før jul. Vi spanderer pepperkaker, kaffi og saft i desember - velkomen innom!

"Billie" av Anna Gavalda

Bilde
Boktips Anna Gavalda skildrar også i denne romanen utskota, dei verjelause.  "Billie" er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine. Billie og Franck er to utskot. Ho frå fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut. På underleg vis finn dei saman. Siste året på ungdomsskulen skal  Billie spele i eit teaterstykke saman med Franck. Han har ein tilfluktstad hjå bestemor si, og her finn dei begge både ro og rom for heite diskusjonar om store spørsmål. "Dei arbeidde som dyr, forsørgde kvarandre, plastra kvarandre, drakk kvarandre full, fekk kvarandre edru, kjefta på kvarandre, gjekk frå kvarandre, hadde kvarandre opp i halsen, forkjælte kvarandre, fornærma kvarande, avskydde kvarandre, kutta kvarandre ut, oppgraderte kvarandre, skuffa kvarandre, elska kvarandre, fann saman igjen og støtta kvarandre heile vegen, og først og fremst lærte dei å løfte haka saman. Det er dei som har lev