"Billie" av Anna Gavalda

Boktips


Anna Gavalda skildrar også i denne romanen utskota, dei verjelause.  "Billie" er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine. Billie og Franck er to utskot. Ho frå fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut. På underleg vis finn dei saman. Siste året på ungdomsskulen skal  Billie spele i eit teaterstykke saman med Franck. Han har ein tilfluktstad hjå bestemor si, og her finn dei begge både ro og rom for heite diskusjonar om store spørsmål.

"Dei arbeidde som dyr, forsørgde kvarandre, plastra kvarandre, drakk kvarandre full, fekk kvarandre edru, kjefta på kvarandre, gjekk frå kvarandre, hadde kvarandre opp i halsen, forkjælte kvarandre, fornærma kvarande, avskydde kvarandre, kutta kvarandre ut, oppgraderte kvarandre, skuffa kvarandre, elska kvarandre, fann saman igjen og støtta kvarandre heile vegen, og først og fremst lærte dei å løfte haka saman. Det er dei som har levd. Det er det."

På ein fjelltur dett dei utfor ein skrent. Billie fryktar for livet til Franck, og veit ho ikkje vil leva utan venen. Medan Billie strevar med å halde liv i Franck gjennom natta, fortel ho historia deira, frekk, humoristisk og rørande – akkurat slik vi likar Gavalda best.

Det røffe, ungdommelege språket kjem fint fram i Tove Bakkes sprelske, nynorske omsetjing.

God bok frå Sigrun!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk