Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2009
Bilde
Bamsedagen 73 ungar og mange vaksne var innom på Bamsedagen. Det vart servert bamsemums og saft. Karusellgruppa ved kulturskulen underheldt med fine songar og "litt" dramatisering. Alle ungane skreiv seg inn i bamseboka og var med i trekninga av årets bamse. Alle fekk med seg ein fin bamsediplom heim. Lagt inn av: Sigrun

Dataopplæring

Vi har for tida to fulle kurs i grunnleggjande dataopplæring for vaksne. Vi ser på ulike tema som tekstbehandling, e-post, internett, biletbehandling og facebook.
Bilde
Bamsedagen Vi feirar Bamsedagen i dag tysdag 27. oktober. Denne dagen skal ein fokusere på venskap og det å vere snille mot kvarandre. Dagen er oppkalla etter Theodore Roosevelt som var amerikansk president frå 1901 til 1909. Grunnen til at kosebamsane fekk namnet teddybjørnar etter ham var visstnok at presidenten nekta å skyte ein bjørnunge, mens han var på jakt. Avslutning og trekning av premie frå kl. 18.30 saman med Karusellgruppa i Kulturskulen. Ta med deg ein bamseteikning og bamsen din! Alle som deltek i løpet av dagen er med på trekninga av årets bibliotekbamse, Leo!
Bilde
Vinnarar 2009 - Sommar+bok Lesekonkurransa Sommar+Bok 2009 er over. Vinnarane frå Skjåk av 3 digibøker vart: Anette Otterdal Hilsen, Joakim Klepp Aaboen og Edvin Bakkom-Jevnheim. Andrine Bjørsnrud frå Sel vann hovudpremien, ein MP3 spelar. 112 barn og unge frå Nord-Gudbrandsdalen deltok i konkurransa.

Blogging

Vi har vore på kurs om nye sosiale medier. Eit sitat som passar godt i så måte: Fremtiden er foranderlig. Prøv å Henge med i utviklingen ...... selv om den ikke alltid er Så Lett å akseptere. Ukjent For "nokre" år sidan (ca 2000 år) var denne karen på kurs i nye medier:) (Ikkje SÅ Lett å skjøne dei nye mediene!) Lagt inn av: Sigrun
Velkomen til den nye bloggen vår! ...som tar for seg dagleglivet i Skjåk folkebibliotek.