Innlegg

Viser innlegg fra september, 2014

Datakurs

Bilde
Populært kurs I 2014 er det 8. året det vert arrangert datakurs for seniorar på Skjåk folkebibliotek i regi av oss tilsette. Vi har eit fast opplegg med seks kursdagar på 3 timar kvar gong som fungerer veldig bra. Det blir delt ut tilrettelagt kursmateriell.  Det krevst ingen forkunnskap for å vere med Desse kursa har vore populære, enkelte år har det vore fleire grupper. Det krevst ingen forkunnskap for å vere med, kurset er lagt opp for nybyrjarar og er gratis. Dei eldste deltakarane har vore 83 år, den yngste 40 år. I tillegg til å lære data, er dette ein uformell, triveleg og sosial møteplass, praten er svært "livleg" i kaffipausa. Slik samfunnet utviklar seg, krevst det meir og meir kunnskap i bruk av data. Mange tenester er i dag nettbaserte. Ynskjet er at alle, også den eldste del av befolkninga, skal bli i stand til å nyttiggjere seg dette verktøyet. DATAKURS 2014 11/9-14                Seniorsurfdagen 22/9-14                Trening i tastatur og mus m

Barnemusikal på biblioteket

Bilde
BARNEMUSIKAL Vi  feirar 100-års jubileet til Alf Prøysen med forestillinga "I Bakvendtland" som er ei teaterforestilling for barn frå 3 - 7 år.  Vi ynskjer Barnehageteatret med J. Daniel Berentsen og Synne Myrbråten velkomen til Skjåk. VELKOMEN SKAL DU VERE til Skjåk folkebibliotek laurdag 20. September kl 14 Passar frå 3 år Gratis inngang

SeniorSurfdagen 2014

Bilde
  LÆR DATA - SeniorSurfdagen 2014 "Er eg ein digital borgar?" Torsdag 11. september arrangerer Skjåk folkebibliotek  SeniorSurfdagen , som blir arrangert fleire stader i Norge. Temaet i år er «Er eg ein digital borgar?». Vi skal syne korleis vi kan bruke internett som verktøy på fleire arenaer. Vi har invitert ein frå kommuneadministrasjonen til å fortelje om Skjåk kommune si nettløysing.   Det krevst ingen forkunnskap for å vere med.   Etter SeniorSurfdagen arrangerer vi nybyrjarkurs i dataopplæring. Her kjem m.a. representantar frå SpareBank1 og NAV for å fortelje om nettbank og kva vi kan finne på deira nettsider. Det er gratis inngang og enkel servering.   Bli med da vel!   Påmelding til: Skjåk folkebibliotek Tlf 909 47 020 Sigrun Eide og Hanne Gran