Innlegg

Viser innlegg fra april, 2019

Jan Ove Ekeberg

Bilde
Avslutning Vinterles No har vi runda av Vinterles med eit forfattarbesøk. Jan Ove Ekeberg er ferdig med turnéen på biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen. Den tidlegare TV2-profilen har hausta svært gode kritikkar for dei historiske spenningsromanane frå vikingtida. Denne mannen kan si historie,  han er svært engasjert og kunnskapsrik. Det var med stor innleving vi fekk høyre om vikingane og vikingkongen Harald Hardråde. På spørsmål frå publikum om kor mykje av historia som byggjer på historiske fakta og kva som er fri fantasi, svara Ekeberg:  - Eg byggjer opp historia med bitar henta frå ver kelegheita og føyer dette saman gjennom min eigen fantasi.  Hovudpremien I år gjekk hovudpremien til Vågå. Vinnaren Kjellaug Nerbø Skjellom kan gle seg til ein middag for fire personar på Billingen Seterpensjonat i Skjåk. I Skjåk fekk Eli Klepp og Johan Johansen kvar si bok av Ekeberg i trøystepremiar. Ny rekord I Skjåk har vi hatt 74 deltakarar som har levert 122 skjema. Det blir til saman

Krimforfattar på besøk i Skjåk

Bilde
Lene Lauritsen Kjølner skriv forfriskande og originale krimbøker. Kriminell kveld Onsdag kveld hadde vi besøk av forfattaren Lene Lauritsen Kjølner.  Det vart eit spennande møte der vi fekk ein liten "smak" frå krimbøkene hennar. Vi fekk også høyre litt om to nye bøker som ikkje er utgjevne enno.  Handlinga i bøkene er frå hennar eige distrikt, og det er  privatetterforskaren Oliva Henriksen som er hovudpersonen. Til tross for drap og etterforsking, er bøkene prega av godt humør og slagferdige replikkar, og er fyrst og fremst underhaldande. Lene skriv forfriskande og originale krimromanar som ikkje liknar på noko anna innan norsk krimlitteratur.  Dette er perfekt krim for alle som ikkje er så glad i spekulativ vold, men sett pris på ei god intrige utan for mykje blod og gørr. Har du ikkje sikra deg ein krimroman til påske enno? Kom og lån ei bok av Lene Lauritsen Kjølner, da vel :) I de beste sirkler (Krim og spenning, Juritzen, 2018) Ingen til bord