Jan Ove Ekeberg

Avslutning Vinterles
No har vi runda av Vinterles med eit forfattarbesøk. Jan Ove Ekeberg er ferdig med turnéen på biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen. Den tidlegare TV2-profilen har hausta svært gode kritikkar for dei historiske spenningsromanane frå vikingtida. Denne mannen kan si historie, han er svært engasjert og kunnskapsrik. Det var med stor innleving vi fekk høyre om vikingane og vikingkongen Harald Hardråde.

På spørsmål frå publikum om kor mykje av historia som byggjer på historiske fakta og kva som er fri fantasi, svara Ekeberg:

 - Eg byggjer opp historia med bitar henta frå verkelegheita og føyer dette saman gjennom min eigen fantasi. 

Hovudpremien
I år gjekk hovudpremien til Vågå. Vinnaren Kjellaug Nerbø Skjellom kan gle seg til ein middag for fire personar på Billingen Seterpensjonat i Skjåk. I Skjåk fekk Eli Klepp og Johan Johansen kvar si bok av Ekeberg i trøystepremiar.

Ny rekord
I Skjåk har vi hatt 74 deltakarar som har levert 122 skjema. Det blir til saman 610 lesne bøker, og er ny rekord. Bra jobba og bra lese :)

Vinterles
I år er tredje året biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen arrangerer Vinterles, som er ein lesekonkurranse for vaksne. Alle som fylte ut og leverte skjema fekk kvart sitt fine krus, samt at dei var med i trekninga av den gjeve hovudpremien.

Vinterles 2019 vart sponsa av Billingen Seterpensjonat, SpareBank 1 Lom og Skjåk og biblioteka sjølve.

Jan Ove Ekeberg på forfattarbesøk i Skjåk
Jan Ove Ekeberg på forfattarbesøk i Skjåk



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk