Innlegg

Viser innlegg fra september, 2016

Avslutningsfest for Sommar + Bok 2016

Bilde
Premieutdeling, show og pizza Måndag denne veka hadde vi avslutningsfest for årets lesekonkurranse. Forsker-Frederic hadde eit populært show. Han er viden kjent for sine eksperiment med flammer, røyk og eksplosjonar. Han fekk god hjelp frå fleire i publikum. Han er sivilingeniør i nanoteknologi og jobbar som formidlar på Vitensenteret i Trondheim. Etter showet var det premieutdeling (les om vinnarene under bileta) og til slutt serverte vi god pizza frå Skjåk Turistheim. Vi var 70 "mann" på avslutningsfesten.  Skjåk, Lom, Vågå, Dovre og Lesja = godt samarbeid  Biblioteka i Norddalen inviterte også i år alle elevane i grunnskulen til lesekonkurranse i sommarferien. Oppgåva var å lese minst 5 bøker, skrive dei opp i eit leseskjema og levere inn skjemaet. Kvart år har vi ei spennande avslutning med underhaldning og god servering. Det vankar også fine premiar. Hovudpremien er ein iPad som er sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk, i tillegg har vi fleire mindre premiar. Dette

Velkomen til ein super avslutningsfest

Bilde
Frå ein tidlegare avslutningsfest  Lesekonkurransen Sommar + Bok 2016 Måndag 26. september kl 17.30 har vi invitert alle som var med i årets lesekonkurranse. Program - Show med Forsker-Frederic - Trekning av mange fine premiar - Vi serverer pizza og saft ... og slik ser Forsker-Frederic ut i aksjon:

Teater

Bilde
Velkomen til teaterframsyning med humor, song og musikk På Skjåk folkebibliotek Laurdag 24. september kl 13 Passar godt frå 4 - 9 år (alle er velkomne) Ved Barnehageteatret - skodespelar: Jarle Berentsen Gratis inngang Fiskekongen Framsyninga Fiskekongen handlar om ein fiskar og kona hans som bur i ei lita jordhole langt ute ved havet. Ein dag fangar fiskaren den mystiske fiskekongen. Han lar fiskekongen leve og slepp han fri. Som takk får fiskaren ønskje seg kva han vil. Når han fortel dette til kona si ønskjer ho seg først eit lite hus, men ho blir ikkje nøgd og sender fiskaren ut på havet for å fremje eit nytt og større ønskje. Kona gjer seg ikkje og ønskjer seg meir og meir, og det endar fatalt...  Frå eventyret "Fiskekongen" Fiskekongen v/Jarle Berentsen har vore i Skjåk tidlegare. Foto: Sigrun Eide

Lesekonkurransen Sommar + Bok 2016

Bilde
Du kan enno levere skjema for lesekonkurransen "Sommar + Bok 2016" Ny frist for å levere skjema Vi utvidar fristen for å levere skjema frå 8. september til tysdag 13. september. Er ikkje det fint? No har du helga på deg til å lese og fylle ut skjema. Seinare blir du invitert på avslutning med eit show av Forsker-Fredric, trekking av fine premiar og servering av pizza og brus.