Avslutningsfest for Sommar + Bok 2016

Premieutdeling, show og pizza

Måndag denne veka hadde vi avslutningsfest for årets lesekonkurranse. Forsker-Frederic hadde eit populært show. Han er viden kjent for sine eksperiment med flammer, røyk og eksplosjonar. Han fekk god hjelp frå fleire i publikum. Han er sivilingeniør i nanoteknologi og jobbar som formidlar på Vitensenteret i Trondheim. Etter showet var det premieutdeling (les om vinnarene under bileta) og til slutt serverte vi god pizza frå Skjåk Turistheim. Vi var 70 "mann" på avslutningsfesten. 

Skjåk, Lom, Vågå, Dovre og Lesja = godt samarbeid 

Biblioteka i Norddalen inviterte også i år alle elevane i grunnskulen til lesekonkurranse i sommarferien. Oppgåva var å lese minst 5 bøker, skrive dei opp i eit leseskjema og levere inn skjemaet. Kvart år har vi ei spennande avslutning med underhaldning og god servering. Det vankar også fine premiar. Hovudpremien er ein iPad som er sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk, i tillegg har vi fleire mindre premiar. Dette har vorte ein fin, årleg tradisjon.

Totalt 5 555 lesne bøker av 406 flinke barn

Det var altså mange som var med i lesekonkurransen i Norddalen i år, neste år er det heldigvis nye moglegheiter :)


Her er nokre bilete frå avslutningsfesten i Skjåk


Forsker-John frå Skjåk hjelper Forsker-Frederic med eit triks. Foto: Sigrun Eide
Forsker-John frå Skjåk hjelper Forsker-Frederic med eit triks :)

 Forsker-Sigurd Mathias frå Skjåk hjelper Forsker-Frederic. Foto: Sigrun Eide
Forsker-Sigurd Mathias frå Skjåk hjelper Forsker-Frederic

Forsker-Frederic på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Eit av mange kule triks

Forsker-Frederic er populær blant damene. Foto: Sigrun Eide
Forsker-Frederic er populær blant damene

Forsker-Frederic med nokre av fansen i Skjåk. Foto: Sigrun Eide
Forsker-Frederic med nokre av fansen i Skjåk

Vinnarane av årets lesekonkurranse. Foto: Sigrun Eide
....og her er dei glade vinnarane i Skjåk

Forsker-Frederic kan mange kule triks. Foto: Sigrun Eide
.....kult triks :)

God servering - nemleg pizza
God pizza frå Skjåk Turistheim

Forsker-Frederic tek selfie. Foto: Sigrun Eide
Selfie :)

Forsker-Frederic likar fyr og flamme. Foto: Sigrun Eide
I fyr og flamme

Thale spelte på fela til ære for Forsker-Frederic. Foto: Sigrun Eide
Thale spelte på fela til ære for Forsker-Frederic
Foto: Sigrun Eide

Vinnarane frå Skjåk

Kinobillettar
Aurora Skjaak Plassen
Oskar Sæther
Ann Elen Banken

Bokpremiar
Thomas Teigen
Ronja Morken Gartland
Rubi Marie Øiberg
Lina Byre
Alf Tore Skjåkødegård
Paula Kjeka
Emilie Lund

Berenett frå Skjåk
Tilda Teigen
Preben Gjerdet
Tone Bakken Øjeskog


Hovudpremiane

Det var heldige Frieda Kjems Schöpflin frå Lom og Nils Johann B. Nordsletten frå Lesjaskog som vann hovudpremiane i år. Dei fekk kvar sin iPad som er sponsa av SpareBank1 Lom og Skjåk.


Vedlikehald av leseferdigheiter

Lesekonkurransen er ein super måte å vedlikehalde leseferdigheitene barna har tileigna seg i løpet av skuleåret.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren