Bokbussen Oppland 20 år
Bokbussen - ein "sprek" 20-åring - med "spreke" bokpratarar Skulane i Skjåk har hatt STOR glede av Bokbussen Oppland sine besøk i mange år, og vi håpar dei får STOR glede av den i MANGE år framover. Skjåk har vore med heilt frå tilbodet starta for 20 år sidan. Jens Erik fortel at ungane er like entusiastiske i dag som dei var fyrste gongen han var med. På spørsmål om kva for bøker som er mest populære for tida, svarar Jens Erik at det er "Motorsykkelmysteriet" av Magnhild Bruheim og "En pingles dagbok" av Jeff Kinney. Bokutlån, bokprat, skrivekurs og forteljarkurs Alle kommunane i fylket får kvart år tilbod om besøk av Bokbussen. Ca. 10 kommunar er med i ordninga, og ca. 37 skular og barnehagar får besøk av bokbussen ein gang pr. månad. I tillegg til bokutlån har bokbussen eigen litteraturformidlar som kan tilby mellom anna bokprat, skrivekurs og forteljarkurs. Bokbussen Oppland er: fin utanpå.... ... og fin inni