Innlegg

Viser innlegg fra november, 2016

Vinterles

Bilde
Ein lesekonkurranse for vaksne Litt om konkurransen Det går mot kaldare tider, og ingenting er som å synke ned i ein stol med ein kopp varm drikke og ei god bok. I år er fyrste året biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen arrangerer Vinterles. Du finn eit hefte med boktips i ditt bibliotek. Omtalane er korte, informative og skal gje nok informasjon om boka til å kunne koble rett bok til rett lånar. Fine premiar Ved å delta i konkurransen er du med i trekninga av middag for fire på Brimi sæter. Alle som fyller ut og leverer skjema får kvart sitt fine krus. Vi avsluttar det heile med forfattarbesøk til våren. Lesekampanjen varer frå nov. 2016 til mars 2017. Kick-off med bokprat Tysdag 29. november kl 19 skal vi ha eit arrangement på Skjåk folkebibliotek. Da kjem nemleg forfattaren Linn T. Sunne og bibliotekaren Merete Byrøygard for å prate godbitar ut av hyllene. Det er gratis inngang og enkel servering. Linn og Merete gjestar alle biblioteka og arrangementet er eit samarbeid med b

3. klassingane

Bilde
Dei spreke 3. klassingane frå Nordberg skule gjekk 3,5 km for å komme til biblioteket i dag. Dei ynskte å få boktips og bokprat i høve skulens leselystaksjon. Vi skjønte fort at denne gjengen har lest mange bøker. På spørsmål om kva som er di favorittbok, så rekte alle handa i været og meddelte at dei likte godt serien om Kaptein Supertruse, Pingles dagbok, Dustedagboka, Knoterud FK, Mathilda, Mystiske steder og mange fleir. Vi prata om krimbøker, fantasybøker, humorbøker og kjærleiksbøker. På spørsmål om nokon har vore forelska - så var det to som svara ja. 3. klassingane var også veldig flinke til å posere for fotografen. Ella, Ronja, Jon Sigurd, Anders, Martine og Gea Aurora skal lese mange bøker Blide jenter. Martine og Gea Aurora Jonas og Amalie Sina sitt boktips Fin gjeng med 3. klassingar Og jammen fekk vi besøk av nokre 8. klassingar også

4. og 5. klassingane

Bilde
Populær leselystaksjon i Skjåk I dag har vi hatt besøk av 4. og 5. klassingane frå Nordberg skule. Vi var så heldige at vi fekk låne kommunestyresalen. Her hadde vi bokprat og vi utveksla gode leseopplevingar. Elevane er i full sving med ein leselystaksjon i regi av barneskulane i Skjåk. Mange ville ha skumle bøker, gjerne grøss. Kaldt blod-serien av Jørn Jensen er "grøssande" populær, det samme er spenningsbøkene til Magnhild Bruheim. - Det går heilt fint å sove om natta når eg les skumle bøker, eg blir ikkje redd, seier Unn Katrin i 5. klasse.  Ser vi eit framtidig kommunestyre her? 😊                                ↓ ↓ ↓ Frå kommunestyresalen: Du trudde kanskje at vi har fått nytt kommunestyre?   Hanne lånte ut mange bøker til ivrige elevar Trym har gode boktips Lesestund i lesebingen Guinness world records og Taynikma er populære bøker Idun og Brynhild kosar seg på biblioteket Vi lånar ut iPad med artige spel Her e

100 personar på juleforestilling

Bilde
Den magiske juledrikken I dag har vi hatt ei trivelig stund på biblioteket med gruppa Mandarinsaft som består av Bendik Ulla og Even Moen Jenssen. Dei framførte ei musikalsk forteljing om jula i Mandarinvegen. Vi  inviterte dei eldste i barnehagane og 1., 2. og 3. klassingane ved Marlo og Nordberg skule - det vart ein god gjeng på 100 personar. Litt om handlinga Snøen lavar ned, og Emma går heim frå skulen. Det er juleferie og ho gler seg til jul. Emma går forbi Trollskogen. Der høyrer ho nokon som gret. Det er Trollet som er lei seg. Han har ingen å feire jul saman med. I Mandarinvegen blir alt gjort klart til jul. Øvst i vegen bur Sevrin. Han er ein varm og gjestfri person som alltid har ope dør og god tid. Da Trollet kjem til Sevrin sitt hus, skjer det magiske og spennande ting. Trollet og Sevrin blir gode venner. Skjåk folkebibliotek: 100 personar på juleforestilling  Ein skikkeleg god gjeng på juleforestilling Her er trollet - han var heldigvis snill Trolle

1. og 2. klassingane

Bilde
1. og 2. klassingane frå Nordberg skule er triveleg å ha på besøk  Leselystaksjon i Skjåk I dag har vi hatt besøk av 1. og 2. klassingane ved Nordberg skule i Skjåk. Den glade og spreke gjengen gjekk 3,5 km for å komme til biblioteket.Vi hadde bokprat og høgtlesing på studiesenteret. Elevane lånte med seg fleire bøker heim, det er jo leselystaksjon i Skjåk no. Boktips Vi las boka "Krabbekrise" av Anna R. Folkestad. Den handlar om Besta og Bo som ynskjer å vinne konkurransen om å fiske flest krabbar. Men krabbane bit ikkje på, og Besta og Bo blir solbrente denne fine sommardagen. Så gjer Besta noko heilt vilt. I typisk Besta-stil. (Det er fort gjort å ta feil av rekeost og solkrem, og krabbar likar visstnok rekeost...) Krabbekrise er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Her er bøkene vi bokprata om:

Skjåk folkebibliotek rangert som nr 7 av 428

Bilde
Kvart år utarbeider Telemarksforsking norsk kulturindeks. Her har dei har analysert kulturnivået i Norge sine 428 kommunar ut ifrå fleire kategoriar. Skjåk folkebibliotek er altså rangert som nr 7 av landets 428 kommunar. Desse kriteria gjev grunnlaget for rangeringa  utlån  besøk  deltakarar på arrangement  aktive vaksne lånarar  Heile rapporten Norsk Kulturindeks 2016 Det er stor aktivitet på biblioteket i Skjåk. Vi har konsertar, foredrag, teater, bokprat, klassebesøk, datakurs, kunstutstillingar, turistinformasjon om sommaren og mykje meir. Her er nokre glimt frå biblioteket: Forsker-Fredric etter eit forrykande "forskarshow". Det vart sikkert ein fin "selfie". Klassebesøk av sjarmerande 1. klassingar. Vi las ei spennande  bok og serverte bokstavkjeks og saft. Teater med Nisse-Knut  Lesestund på biblioteket Foredrag ved Amal Aden Konsert med Sveit Bjotveit Konsert med Lars Klevstrand

Boklansering med Finn Sandum

Bilde
 "derfor" - ei ny diktsamling Finn Sandum kjem med ny diktsamling. Boka skal lanserast på Skjåk folkebibliotek onsdag 16. november kl 18.30. Finn vil lese frå den nye boka si. Han har også med seg  flinke musikarar som har tonesett fleire av dikta hans. Gled deg til å høyre: - 2/3 av gruppa "Sol i Skuggeskog" m/Ingrid og Einar Lian-Bjørgum - Geir Byre - Ole Jonny Bekkemellem Det er gratis inngang og enkel servering. Ein populær poet Stadig fleire får augo opp for dikta til Finn Sandum. Han får mange positive attendemeldingar frå folk som har lese dikta hans i bokform og på facebook. Mange har spurt om det kjem fleire diktsamlingar. I 2011 gav han ut diktsamlinga "Sol i Skuggeskog". Det er tittelen på denne diktsamlinga som er opphavet til den populære folkemusikkgruppa med same namn. Gruppa består av Ingrid Lian-Bjørgum (vokal), Øyvind Sandum (trekkspill/vokal), og Einar Lian-Bjørgum (gitar/vokal). Gruppa har tonesett mange av dikta

Leselystaksjon i Skjåk

Bilde
6. og 7. klassingane ved Nordberg skule Ein glad gjeng som er triveleg å ha på besøk Tysdag denne veka hadde vi besøk av 6. og 7. klassingane frå Nordberg skule. I fire veker har barneskulane i Skjåk  ekstra  fokus på lesing - og da er det jo perfekt med eit bibliotekbesøk. Vi var så heldige at vi fekk låne kommunestyresalen for bokprat. Elevane lånte fleire bøker, før dei trossa kulda og gjekk attende til Nordberg skule.Vi gler oss til fleire klassebesøk framover. Her er bøkene vi prata om: Spreke jenter Kjekke karar