1. og 2. klassingane
1. og 2. klassingane frå Nordberg skule er triveleg å ha på besøk |
Leselystaksjon i Skjåk
I dag har vi hatt besøk av 1. og 2. klassingane ved Nordberg skule i Skjåk. Den glade og spreke gjengen gjekk 3,5 km for å komme til biblioteket.Vi hadde bokprat og høgtlesing på studiesenteret. Elevane lånte med seg fleire bøker heim, det er jo leselystaksjon i Skjåk no.
Boktips
Vi las boka "Krabbekrise" av Anna R. Folkestad. Den handlar om Besta og Bo som ynskjer å vinne konkurransen om å fiske flest krabbar. Men krabbane bit ikkje på, og Besta og Bo blir solbrente denne fine sommardagen. Så gjer Besta noko heilt vilt. I typisk Besta-stil. (Det er fort gjort å ta feil av rekeost og solkrem, og krabbar likar visstnok rekeost...)
Krabbekrise er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
Kommentarer
Legg inn en kommentar